sport
— Me skulle ha scora meir
Sveio sitt herrelag opna med ein klar siger i sin første kamp for sesongen. Men trenar Henrik Grasdal Larsen er langt frå nøgd. — Me kunna ha scora minst fem mål til, seier han.
Onsdag vann Sveio 4–2 mot Kolnes IL på heimebane. To spelarar i raudt scora kvar to mål. Sesongopninga har gjeve ein solid start for Sveio.
Trenar Henrik Grasdal Larsen var derimot ikkje imponert over laget sitt.
Hadde forventa meir
— Dei skulle hatt hat-trick begge to. Me skulle hatt fleire mål, men den gong ei, seier Larsen.
Han er sjølvsagt glad for siger og fortel at spelarane frå Sveio var dei som dominerte kampen. Men nivået dei heldt var skuffande samanlikna med tidlegare.
— I forhold til treningskampane me har hatt til nå, så hadde eg forventa litt meir, seier Larsen.
— Kva er forskjellen frå då til no?
— Me hang betre saman som lag og spelte lettare ball oss sjølv i mellom, svarar han.
Høgdepunkt
Opningskampen viste fleire manglar i samspel på laget. Sidan dei vann med fleire mål, ser trenaren det som eit slags hell i uhell.
— Det er greit å luka vekk slikt i starten, og eg er nøgd med at det vart siger, seier Larsen.
— Kva høgdepunkt var det i kampen?
— Det må vera målet til Daniel Rommetveit. Det var eit flott innlegg frå Deni Musaev. Han la inn til Rommetveit på bakre stolpe og tok eit slags brassespark, seier Larsen stolt.
— Eit brassespark?
— Ja, det er i sjette divisjon det skjer, humrar trenaren.
To kjappe heilt på slutten
Målet var nummer to frå Sveio. Det fyrste kom i frå Martin Sydnes etter berre sju minutt.
Sveio gjekk ut av fyrste omgang med ei leiing på to mål. Likevel vart det ikkje berre ros å få frå trenar Larsen.
— Eg sa det til dei i pausen, at eg ikkje hadde kjefta om me ikkje eigentleg var betre enn dette. Og det er dei innforståtte med, seier han.
Neste omgang scora begge lag to mål kvar. Frå Sveio var det igjen Sydnes og Rommetveit som scora. Dei to siste måla kom i 88. og 89. minutt. Fyrst banka Rommetveit inn 4–1 for Sveio, og så svara Kolnes IL med å auka til 4–2.
Ein spelar hos Kolnes fekk eit gult kort.
— Det var nok grunna fleire taklingar innan få minutt, trur Larsen.
Kjenneteikn på eit godt lag
Trenaren fortel at det var surt at dei ikkje scora fleire mål, og ikkje minst dei to baklengsmåla.
— Me slapp inn to drittmål som me kunne ha vorte spart for. Me fekk tre fråfall rett før kampstart, og då vart det plutseleg tre byter av totalt fire spelarar i bakre del. Så det kan ha spelt inn, seier han.
No ser han fram til neste kamp, og seier at fokuset skal ligga på å koma tilbake der dei var. Larsen kjem likevel med litt ros til spelarane.
— Det kjenneteiknar gode lag å vinna på dårlege dagar, seier han.
Tabell 6. divisjon avdeling 4