sport
Lillian Rommetveit tilsett som dagleg leiar i Sveio IL
Sveio IL har arbeidd med spørsmålet om å tilsetta dagleg leiar i lønna stilling i rundt fire år. Onsdag kveld vart det kjent at Lillian Rommetveit har takka ja til jobben.
Rommetveit har vore ei av dei frivillige eldsjelene i Sveio IL sidan 2015. No er ho styreleiar på femte periode. For ei som er vant til å vera høgt og lågt og delta på det meste, var tilsettingsprosessen både spennande og spesiell.
– Eg har sjølvsagt vore inhabil og kjenner ikkje til prosessen ut over det som gjeld meg sjølv. Det er Level som har gjort jobben saman med styret i idrettslaget, men eg visste at det var 13 søkarar. Og mange gode søkarar, så det var ikkje gitt at det blei meg, seier ei glad Rommetveit dagen etter at kontrakten er underskriven.
Begynner 1. september
Ho tek til i 100 prosent stilling som dagleg leiar 1. september. Fram til då går det døgnet rundt med frivillig arbeid. Mellom anna Sommarkarusellen for born der Vestavind får lurt henne ut til ein liten prat og eit kjapt bilde.
– Eg brenn for barn og idrett, og har gjort det i mange år. No ser eg fram til å få jobba ennå meir med det som er mitt hjartebarn.
– Blir det meir fri på kveldar og helger no?
– Det meste skjer jo på ettermiddag, kveld og i helger, så det blir ikkje endring der. Eg kjem også til å halda fram som trenar for jenter 13 år handball. Me, og andre lag og organisasjonar, slit med å få frivillige, så det er viktig at alle som kan trør til, seier ho, som er inne i sin 8. sesong som trenar.
Skal avlasta dei frivillige
Dagleg leiar-jobben har på ein måte tvinga seg fram i idrettslaget. Mellom anna på grunn av krav frå Noregs Idrettsforbund om profesjonalisering i klubbane.
– Me er avhengige av dei frivillige, og som dagleg leiar kan eg avlasta dei på mellom anna administrative ting. Det håper me vil gi ein lågare terskel for å stilla som frivillig. Frå 1. september vil eg også ta heile rekneskapen, ha ansvar for sosiale medium, medlemsmassen og gå på møter der idrettslaget skal delta, seier Rommetveit.
Det er noko av jobben som ventar. Ein annan viktig del er å ta vare på det ein har og vidareutvikla det.
Mange prosjekt på gang
– Me har nok av prosjekt å ta fatt i. Hallen og utbetring av den er ein av dei store tinga. Sponsorarbeid og samling av idrettslaget like så. For eksempel like køyrereglar for alle, og effektivisering som gir meir tid å bruka på barn og unge. Me arbeider også med å skapa eit felleskap rundt idrettslaget som vil samla fleire. Der har me mellom anna tankar om å halda ope om kveldane for alle som vil koma innom, seier Rommetveit.
Den nye daglege leiaren har med andre ord ei lang liste med arbeidsoppgåver allereie. Til beste for 446 aktive medlemmer, 65 trenarar og lagleiarar, 39 med ulike oppgåver som oppmenn, og rundt 20 seniorar.
Høgt nivå på søkarane
Ingrid Øritsland Våge er leiar for volleyballen og sit i hovudstyret. Tilsettingprosessen i samarbeid med Level har vore både interessant og lærerik, seier ho.
– Level har rekruttert leiarar til fleire idrettslag på på Haugalandet, og dei skraut av det høge nivået på søkarane våre. Så det stemmer som Lillian seier at det ikkje var sjølvsagt at ho skulle få jobben. Fem søkarar var inne til førstegongsintervju, og etter det gjekk me vidare med to, seier Øritsland Våge.
No ser styret fram til å arbeida vidare med ein dagleg leiar som både kjenner idrettslaget godt og mange av oppgåvene ho skal arbeida med.
– Me er veldig nøgde med at Lillian takka ja og kan begynna allereie 1. september. Ho har høg kompentanse og dei eigenskapane me såg etter, er ein stødig person og evnar å sjå framover. Det blir spennande å sjå kva me kan få til, seier Øritsland Våge.