sport
Golfparken har opna igjen
– Det er kjekt å ha opent. Og er det ein plass det er enkelt å halda avstand, så er det på golfbanen, seier Gavin Hinds.
Med 1.300 mål er det god plass både til golfspelarar og turgåarar. Hinds er dagleg leiar og trenar, og synest det er hyggeleg å sjå folk i sving på banen igjen.
– Ein må bestilla starttid, og når ein gjer det får ein ein advarsel og må setja seg inn i dei gjeldande retningslinjene for banen. Me har sett maksimum fire spelarar samstundes, og ein skal gå rett frå bilen til hol 1, seier Hinds.
Strenge retningslinjer
Proshopen er også open, men der får det berre vera to personar inne samstundes. Følgjer ein ikkje retningslinjene på banen, kan ein bli bortvist.
– Me har strengare retningslinjer enn det som er anbefalt. Og det er ingen vits i koma før du skal spela. Driving rangen er stengt, klubbhuset er stengt, terrassen er stengt og toalettene er stengt, seier Hinds.
Sveio Golfpark driftar også Nordvegen Golfklubb sin bane på Torvastad. Dei vil halda opent i heile påsken om ikkje myndigheitene seier noko anna.
Nokre av reglane:
Her er nokre av Norges Golfforbund sine retningslinjer. Alle reglane finn du på Sveio Golfpark si nettside.
Før spel
- Ikkje besøk golfanlegget dersom du er i karantene eller har symptomar på smitte.
- Følg generelle råd og retningslinjer gjeve av helsemyndigheitene og kommunen der golfanlegget ligg.
- Ingen organisert gruppeaktivitet.
Under spel
- Hald avstand til kvarandre. Minimum 2 meter under heile runden er anbefalt.
- Bruk berre dine eigne peggar – ta øydelagte peggar med heim. Bruk og ta berre i dine eigne golfballar.
- Ikkje lån utstyr frå andre spelarar – verken køller, blyantar, avstandsmålarar eller anna.
- La flagget alltid stå i holet.
Etter spel
- Ikkje ta kvarandre i hendene for å takka for spelet.
- Ikkje byt eller signer scorekort.