sport
Full klaff for fotballskulen
Rundt 100 fotballspirer inntok Sveio sitt fotballanlegg i helga. I tre dagar var både naturgrasbana og kunstgrasbana full av iver og fotballglede.
Målet var å skapa ein sosial og samlande arena for både store og små.
A-lagspelerar og ungdom frå gut 15 og gut- og jentelaget på 13 år hadde ansvar for å halda alle i aktivitet gjennom helga.
– Me brukar ungdommen til å ta seg av treningsøktene. Borna treng nokon å sjå opp til og det ser ut til at alle kosar seg, seier leiar i fotballgruppa Ine Salte Andersen.
Fotballdebatt
På kunstgraset gjer ein gjeng niåringar seg klare for fotball-leik.
– Det er kjekt at me kan få spela fotball ei heil helg, seier Sverre Haga.
– Eg heier på Arsenal.
– Favorittspelar?
– Eg likar best Trossard. Han er god.
Vestavind møtte også på ein gjeng 13-åringar mellom øktene på laurdagen.
– Me har ansvar for 2016-kullet. Det er kjempekjekt, seier Kevin på 13 år.
Sjølv spelar 13-åringane fotball to gonger i veka og samlast for å spela i lag med vener utanom.
– Favorittlag?
– Manchester City er det beste laget, og Foden er den beste spelaren.
– Nei, det er Chelsea som er det beste laget.
– Nei, Det er Manchester United!
Det bryt ut ein debatt sjølv Fredrik Solvang skulle fått køyrd seg i, før dei alle småspring ut på naturgraset for å gjera ansvarsoppgåvene sine.
Skapa ein sosial arena
Leiar for fotballgruppa i Sveio Ine Salte Andersen hadde ei travel helg. Innimellom korrigering av ansvarsoppgåver og svar som «de skal til bane 4» til spørjande gutar og jenter i fotballsko, tok ho seg også tid til ein kamp.
– Målet med helga er å samla heile fotballgruppa i Sveio og laga ein sosial arena. Med oss på laget har me 50 frivillige som gjer ein kjempejobb rundt omkring på banane og inne på kjøkenet. Heile helga har gått veldig, veldig fint. Både foreldre, borna og ungdommane har kost seg. Eg snakka med ei av ungdommane som sa ho hadde hatt det så kjekt i helga, for viss ho ikkje hadde vore her hadde ho berre site heime. Då har me nådd målet vårt.
Andre gong
Dette er andre året med Extra fotballskule. Det som før var Tine fotballskule har no Extra Sveio som sponsor.
– Dei er ein fantastisk samarbeidspartner. Alt er enkelt å få til og dei stiller opp og fyller på av det me treng. Eg kjenner eg blir stolt av nærbutikken og at dei støttar opp om lokalmiljøet, seier ei stornøgd Salte Andersen.