sport
Full innsats under Kiwi Cup
Første dag av Kiwi Cup kunne ikkje blitt betre. Boblande fotballglede, stor innsats, triveleg på sidelinja og premiar til alle spelarane. I dag er det full fart frå klokka 09.00 igjen.
50 lag og 500 spelarar deltar i årets Kiwi Cup. Dei yngste frå 6 til 10 år spelar laurdagen. Søndag er det aldersgruppa 11 til 13 år sin tur. Alle laga får spela tre kampar, og laurdagen går kampprogrammet heilt etter planen.
Vestavind kjem til første premieutdeling, og her er det like proft som det skulle vore ein cup for vaksne. Stor scene på ein lastebil, og spelarane går opp trappa som dei har vunne heile cupen.
Alle lag blir teke godt imot av Ine Salte og Siw Lund Johansen. Namna til kvar enkelt blir lese opp, og alle får premie. Stolte trenarar og føresette jublar og tar bilete, medan spelarane hoppar av glede.
Stor dugnadsinnsats
Ein vellukka fotballcup kjem ikkje av seg sjølv. Ein stor dugnadsinnsats var lagt ned før dei første kampane blei blese i gang klokka 09.00 laurdag. Dei siste førebuingane vart gjort klokka 21.00 fredag kveld, og det velsmurte cupmaskineriet var i sving frå klokka 08.00 laurdag morgon.
Det er berre blide fjes over alt. På banane, på sidelinja og blant alle dei mange som bidreg med dugnad. Mat og drikke blir både produsert, seldt og ete i høgt tempo, og alle kampane går som planlagt.
— Det er verdt alt arbeidet
Dei to som kanskje smiler aller breiast er Ine Salte, leiar for Sveio IL fotball og cupgeneral 1, og Siw Lund Johansen, cupgeneral 2.
— Det er verdt alt arbeidet når me ser at alt går som det skal. Me er veldig nøgde med at ingen lag har meldt avbod, og at dei som er her er nøgde og gir gode tilbakemeldingar. Laurdagen har gått som me håpa, med mykje idrettsglede og ingen skadar, seier dei to generalane.
Mobiltelefonane på sidelinja gjekk minst like varme som Vestavind sitt kamera i løpet av laurdagen. Har du bilete du vil dela, send dei til tips@vestavind-sveio.no. Me legg dei inn i Kiwi Cup-biletserien. Skriv gjerne kven som er på biletet, eventuelt kva lag det er og kven som er fotograf.