sport

Asbjørn Engenes
15 år gamle Asbjørn Hagland Engenes har styrkeøktene sine inne på Haugesund Toppidrettsgymnas. Han har som mål å koma på A-laget til FK Haugesund før han fyller 20 år.

Frå Sveio idrettslag til FKH

Etter fleire år som fotballspelar i Sveio IL fekk 15 år gamle Asbjørn Hagland Engenes i sommar proffkontrakt med FK Haugesund (FKH). Overgangen til storklubben har ikkje vore enkel for den talentfulle spelaren.

Publisert Sist oppdatert

– Det var ein stor skilnad. Veldig tungt hos FKH og litt lettare i Sveio, men det var veldig kjekt. Eg saknar Sveio IL litt, det skal eg ærleg seie, fortel Asbjørn Engenes.

Overgangen frå vennegjengen i Sveio idrettslag til ei heilt ny gruppe i FKH har vore vanskeleg for den unge målvakta. Det har teke tid for den storvokste fotballspelaren å finne sin plass i spelargruppa.

– Det var ein tung start, men etter å ha vore her ei stund kom eg endelig med i gruppa og blei ein del av gutta, seier han.

Tøff overgong

Slike utfordringar hadde han ikkje då han spelte for laget i Sveio. Der hadde han Lars Tveter, Morten Løvik, og Alf Rune Sveen som trenarar i si tid. Sistnemnde forstår kvifor overgangen har vore tøff for Engenes.

– Samhaldet i Sveio IL var veldig bra. Det er ein breiddeklubb med fokus på trivsel og sosialt samvær og moro, mens i FKH er det litt meir seriøst kor det handlar om å prestere og vidareutvikle seg kvar einaste dag. I Sveio kunne han nok senke skuldrene litt meir og få vere med gutta. No er han i FKH for fullt, seier Alf Rune Sveen.

Sveen trente Engenes i to år på G14- og G15-laget, men han vil spesielt visa til Lars Tveter og Morten Løvik for den tidlegare utviklinga av keeperen.

Han blei anbefalt inn på FKH-team på prøvespel av ein representant frå Sveio IL. Engenes blei ein del av FKH, og har hatt ein veldig fin utvikling etter at han kom inn i FKH-teamet.

– Det har vore ei god samhandling mellom klubben og FKH. Ein god dialog mellom klubbane. Han spelte for Sveio til og med ut G15. Han trente mest med FKH, men var med på enkelte treningar med Sveio IL også. Klubben hadde eit ynske om å leggje til rette for trening på høgast mogleg nivå. I FKH fekk han spesialtrening. Det er viktig for ein keeper å trena på tekniske detaljar. Samstundes fekk han god matchtrening i Sveio IL, det sosiale, og oppretthalde vennskap med kompisane i klubben, fortel Sveen.

Armbrot

15. juni blei Engenes og tre andre talenter presentert på Haugesund Stadion sidan dei alle hadde signert proffkontraktar. Dei fire blei presentert som nokre av dei beste i sine årsklasser, og ikkje minst som framtida i FK Haugesund. 

Engenes blei beskrive av FK Haugesunds keepertrenar, Espen Skistad, som ein spelar som har hatt ei utruleg utvikling og som fortent har spelt seg inn i landslagsdiskusjonen.

15-åringen skulle ha vore på landslagssamling med G15 seinast i slutten av juni, men måtte halde seg heime grunna brot i armen. Engenes har tidlegare vore mykje plaga med skadar mellom anna i skuldra, hofta og handa. Proffkontrakten gav den skadeplaga keeperen eit viktig dytt vidare med satsinga på fotballen.

-Det var utruleg kult, og stas. Eg sleit veldig med motivasjonen for eit halvt år tilbake, så det var godt å få det på plass. Eg har slitt med mykje skadar, og etter det, så var det deilig å få den bekreftinga, seier Engenes.

Asbjørn Engenes og Espen Bull-Tornøe. – Eg synest han handterte det bra, seier Bull-Tornøe.

– Handterte det bra

I haust har Engenes spelt kampar for FKH 2 og G16-laget til FKH. Trenar for andrelaget til FKH, Espen Bull-Tornøe, seier han er nøgd med sin nye keeper.

– Han blei kasta ut i det veldig tidleg for ein keeper. Han heiv seg i utfordringane kor han fekk prøva å feila litt. Eg synest han handterte det bra, og det er veldig nyttig inn mot dei neste åra å smake på vaksenfotballen. Så vil det sannsynlegvis bli endå meir i år, også byggjer me på gradvis.

– Men det er først til neste år at han er aldersmessig ein FKH 2-spelar. Engenes har vore langt framme, er stor av vekst og har ein tøff skalle. Så han har tatt utfordringane på strak arm, seier Bull-Tornøe.

Bull-Tornøe fortel vidare at FK Haugesund vil halde fram med Engenes på FKH 2, men at han ikkje berre kjem til å spele der.

Det er fleire faktorar som spelar inn i forhold til speletid. Proffkontrakten er i alle fall eit tydeleg signal frå klubben om at dei kjem til å sate på han.

– Eg vil tru at Engenes kjem til å spele ein god del både 2-lags- og U18-kampar for FKH neste sesong, så får me sjå korleis året blir for å seie det sånn. Men eg trur han kjem til å spele ein del meir enn han gjorde i fjor.

– Draumen er utlandet

Som dei fleste andre unge og ambisiøse fotballspelarane i Noreg drøymer keeperen om å spele med dei aller beste spelarane i verda. Sjølv om den største draumen er å spela for Manchester United, så veit den reflekterte ungdomskuleeleven at vegen dit er lang.

– Draumen er vel utlandet i ein topp fem-liga. Mål nummer éin er i alle fall er å koma meg på A-laget til FK Haugesund før eg er 20 år, og eg må jobbe hardt for å oppnå det, fortel Engenes.

Den tidlegare G15-trenaren i Sveio IL, Alf Rune Sveen, er i alle fall ikkje i tvil om kor god hans tidlegare elev kan bli. Han beskriv ungguten som ein høflig og kjekk gut som er seriøs i treningsarbeidet.

– Han har alle føresetnader for å bli ein toppkeeper. Han har ein flott treningsvilje. Det er litt opp til han sjølv kor mykje han legg ned i åra framover. Han har alle dei fysiske føresetnadene som krevjast, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS