sport
Endeleg er det Kiwi Cup igjen
Likar du å oppleva fotballglede på høgt nivå? Då er Kiwi Cup i Sveio rette plassen å vera i helga. Lag frå heile Haugalandet deltek, og det kjekke ting å vera med på utanfor bana også.
I 2020 og 2021 var det pandemien som sette ein stoppar for Kiwi Cup. I fjor blei det forsøkt å gjennomføra cupen i både mai og august, men det var så få påmeldte at den måtte avlysast.
I helga er det derimot full cupfart igjen for aldersgruppa 6 til 13 år. Laurdagen er det kampar for dei mellom 6 og 9 år, medan dei mellom 10 og 13 år spelar sine kampar søndag.
500 spelarar
Rundt 500 spelarar deltar, og det kjem lag frå heile Haugalandet og litt til. Mellom anna Avaldsnes, Djerv 1919, Haugar, Odda, Skjold, Stord, Skudeneshavn og Torvastad. Og sjølvsagt Sveio.
— Etter tre år utan Kiwi Cup, er me svært glade for at det blir fotballfest for dei yngste igjen. Me har jobba hardt for å få nok påmeldte lag, og me er nøgde med at det har gjeve uttelling med så mange deltakarar, seier Ine Salte.
Ho er leiar for Sveio IL fotball, og har hovudansvaret for cupen saman med Siw Lund Johansen.
Mat og aktivitetar
Med så mange lag og spelarar blir det også mange vaksne som kjem. Og ein blir svolten og tørst av både å spela og heia.
— Me har to kafear, og det blir grilling, vaffelsteiking og isvogn. Mellom kampane er det også litt av kvart å gjera på, og me har mellom anna hoppeslott og fotballradar, fortel Salte.
Vestavind vil laga eit biletalbum frå helga på nettavisa, og har du bilete du vil dela, kan du senda dei til tips@vestavind-sveio.no. Skriv gjerne kven som er på biletet, lag og fotograf.