sport
Eit langt steg nærare landslaget
I vinter sa stortalentet Sebastian Vasile Nicoara at målet på sikt er å bli god nok til å spela på landslaget. No kan 16-åringen bli den første landslagsspelaren i volleyball frå Sveio IL på over 25 år.
I intervjuet med Vestavind sa Sebastian at første steg på vegen mot landslaget var å koma inn på Toppvolleyball Norge (TVN) i Sand. Det er den nasjonale linja for dei beste volleyballtalenta i Noreg.
Sidan då har Sebastian blitt noregsmeister med U16 Hordaland, og nyleg fekk han beskjed om at han både har kome inn på TVN, og er teke ut til landslagssamling for juniorlandslaget i Oslo 3.-7. august. Det er over 25 år sidan sist ein volleyballspelar frå Sveio IL har nådd så langt.
Dette er alle tre store bragder kvar for seg, og svært imponerande med tanke på at han ikkje har spela volleyball i meir enn litt over to år.
Bratt læringskurve
– Eg har alltid halde på med sport, og synest alt med ball er gøy. I seks år var det fotball som gjaldt. Så byrja eg å leika litt med volleyball, og spurte Ole (Johan Sveen) om eg kunne få vera med på trening. Etter det har det meste handla om å bli best mogeleg i volleyball, fortel Sebastian.
Ole Johan Sveen og Markus Svartveit er trenarar for GU17-laget i innandørsvolleyball. Og dei er imponert over kva Sebastian har fått til på så kort tid.
– Me såg med ein gong at dette var ein kar med balltalent. Ein ser han sjeldan utan ball, anten det er i friminutt, på trening eller fritid. Han har dessutan ei innstilling og ein motivasjon utanom det vanlege. Det har vore ein bratt læringskurve, men han er ein målbevisst kar som gjer det han kan for å bli bedre. At han har nådd så langt på så kort tid, er imponerande, og me er stolte over kva han får til, seier dei to trenarane.
Alle elevane spelar volleyball
For å nå langt, må ein trena mykje. 17. august byrjar Sebastian på TVN, og der blir det trening nærast døgnet rundt i tillegg til vanlege skulefag for vidaregåande.
– Det blir spennande å gå på ein skule der alle spelar volleyball, og alt er lagt opp til at kvar enkelt skal bli ein betre spelar. Det er dei beste frå heile landet som kjem inn, og tre år her vil få mykje å seia for korleis eg utviklar meg, seier Sebastian.
Han skal bu på internat, og gler seg til det. Her blir det lite pizza til middag, men næringsrik kost frå skulen sitt kjøkken, og ernæring som fag også.
– Eg kjenner ganske mange av dei som skal byrja saman med med meg, så det kjem til å gå greit å starta vaksenlivet på denne måten. Men det blir nok litt rart i starten å vera vekke frå familien. Heldigvis er ikkje Sand lenger unna enn at eg kan reisa heim ei helg eller to i månaden, seier Sebastian.
Kamp om fast landslagsplass
Men først er det altså landslagssamling i Oslo. Haugalandet er godt representert på samlinga, med heile sju spelarar i tillegg til Sebastian. Juniorlandslaget startar med 16 spelarar. I løpet av samlinga blir det klart kven som blir dei ni-ti faste spelarane framover, samt eit par reserve.
– Dersom eg blir fast på laget, er det ny samling i oktober. I samband med den er det også Nordisk meisterskap, der også England er med. Plasseringa der avgjer om laget går vidare til EM-kvalik, fortel Sebastian, som gjerne vil takka for all hjelp og støtte han har fått:
– Eg hadde aldri blitt så god utan Markus og Ole Johan. Dei har vore trenarane mine sidan starten. Eg hadde heller ikkje kome så langt utan lagkameratane mine. Og Marthe (Olesdatter Sveen Kallevik) hjelper meg med alt mogeleg som eg ikkje finn ut av sjølv. Som skjema på nett og sånne greier. Og ikkje minst takk til foreldra mine som alltid har støtta meg, seier Sebastian.
Stolt volleyballeiar
Marthe, som er leiar for Sveio IL volleyball, kvitterer med at det berre er kjekt å hjelpa ein så høfleg og takksam ung mann.
– Me er veldig stolte over prestasjonane hans, og han er eit førebilete for dei andre spelarane. Ikkje minst viser han at ein kan bli veldig god sjølv om ein startar seint, seier volleyballeiaren.