sport
Divisjonssiger til sprangryttarar frå Sveio
Eit lag frå Indre Haugaland Ryttersportsklubb gjekk til topps i sprangriding 4. divisjon under Norgesserien i Bergen sist helg. Tre av dei fire jentene på laget er sveibuar.
Med på laget var Thea Amdal Kvalvågnes, Sofie Eriksen Lier og Victoria Reine Severinsen, alle frå Sveio, og Ida Maria Ørnes frå Vikedal. Jentene er i alderen 13-15 år.
Landsomfattande
Norgesserien er eit årleg arrangement over tre dagar. I år var 17 lag frå heile landet med i konkurransen. Det var første gong dei fire jentene frå Indre Haugaland Ryttersportsklubb deltok, fortel lagleiar Trond Severinsen.
Han fortel også om knivskarp konkurranse før sigeren var sikra.
– Laget sto med null feilpoeng etter dei to innleiande rundane og hadde dermed eit godt utgangspunkt før finalen. Det måtte omhopping for fire lag før dei kunne kåra ein vinnar i klassen. Her var ingenting avgjort før siste ekvipasje hadde kryssa mållinja, opplyser lagleiaren.
Dei seks beste laga frå dei innleiande rundane får delta i finalen. Og det er resultata til dei tre beste ryttarane på laget som blir gjeldande i kvar runde.
Høgda avgjer
Severinsen fortel at klassane ikkje er inndelte etter alder, men etter kor høgt dei skal hoppa. For 4. divisjon er høgda 80 centimeter.
Indre Haugaland Ryttersportsklubb held til på Frakkagjerd og trenar på Haugaland hestesportarena sitt anlegg. Trenaren deira er Vibeke Handå.
Dei tre sveiojentene på vinnarlaget er ikkje dei einaste som driv med sprangriding i Sveio. Til helga skal Patrick Reine Severinsen (16) til Bergen og prøva å kvalifisera seg til Oslo Horse Show i oktober.
– Han er no den einaste guten på Haugalandet som er aktiv innan sprangriding, kan Severinsen fortelja.