sport
Buldra seg til topps i NM
Ingrid Kindlihagen (17) konkurrerte med 28 klatrarar frå heile Noreg om gullet i klassen eldre junior. I NM-finalen var det ingen som klatra betre enn henne.
Haugaland Klatrelag hadde med fem klatrarar under NM i buldring på Lillehammer i helga, og klubben tok heim to gull og ein bronse. Den nybakte norgesmeisteren frå Rophus buldra i klassen eldre junior med klatrarar frå 15 til 18 år.
Buldring kjem av det engelske ordet boulder, som betyr stor stein. Både ute og inne klatrar ein utan tau. Ute på store steinar eller lave fjellveggar. Innandørs kunstige formasjonar som etterliknar steinar og fjellveggar. Dersom ein fell, tek tjukkasar av for fallet. Ute brukar ein spesielle matter.
Buldring er ei eiga, stor konkurransegrein innan klatring både nasjonalt og internasjonalt, og blir gjerne kalla klartinga sin sprint. Det er siste året til Ingrid i eldre junior, men internasjonalt kan ho konkurrera eit år til i denne klassen.
Var best heile vegen
– Omtrent midtvegs på eit bulder, er det ei såkalla sonetak som en må forsera for å nå toppen. Den som har nådd flest toppar vinn. Om det er likt, er det kor mange sonetak ein har klart som blir avgjerande, fortel Ingrid.
I kvalifiseringa skulle det klatrast åtte bulder. Dei seks beste gjekk vidare til finale.
– I finalen er det litt anleis. Då er det fire bulder, og ein går ut ein og ein slik at klatrarane ikkje kan sjå kva dei andre gjer. Eg vann ikkje suverent, men var litt betre enn dei andre heile vegen, seier norgesmeisteren beskjedent.
Har klatra heile livet
Med foreldre som er ivrige klatrar, har ho fått klatring inn med morsmelka. Ho har klatra sidan ho var bitteliten, og satsar på dette som elev ved Haugaland Toppidrettsgymnas. Der har Ingrid også morgontrening, og det blir gjerne to økter med trening om dagen.
– Det kjekkaste med buldring er å utfordra seg sjølv. Ein får ei heilt spesiell kjensle når ein meistrar nye ting og ser at ein blir betre, seier ho.
Haugaland Klatrelag har fått ein del merksemd i Noreg for måten dei trenar på. Det vanlege er trening med andre på same i nivå. I Haugaland Klatrelag trenar alle saman.
– Å klatra med dei som er betre enn deg, er ekstra motiverande for sjølv å bli betre. Og vi har eit veldig godt miljø, avsluttar noregsmeisteren.