nyhende
Yr.no: Ein fin dag for røysting i Sveio
Det skal ikkje stå på vêret når sveibuen skal røyste om fylkestilhøyrsle måndag. Men det kan bli litt vind.
Ifølgje nettstaden yr.no blir det svak vind frå søraust, lettskya og 2-4 plussgrader dei første timane frå røystelokala opnar i Sveio, Førde og på Vikse klokka 10 måndag.
Dermed ligg det an til fint vêr for dei som legg formiddagstrimmen sin innom røystelokalet sitt.
Men sleng gjerne ei jakke på, for det blir laber bris frå sør, og vinden skal auke på.
Det bles opp
Annonse
Siktar du deg inn på ettermiddagen må du halde på hatten. Frå 14-tida melder det om frisk bris, med kast på opp mot 17-18 sekundmeter. Men du slepp i alle fall nedbør under heile perioden røystelokala er opne. Dei stenger klokka 19 i kveld.
Nedbør kan det bli litt av nærmare midnatt og natt til tysdag melder Yr.