nyhende

Ynskjer å etablera fleire møteplassar

Diakoniutvalet i Sveio sokn ynskjer å etablera ein arena for sosiale samkomer. Som ein del av dette målet inviterte dei heimebuande eldre til duk og dekte bord i soknehuset sist fredag.

Publisert Sist oppdatert

Johannes Flatnes i Soknerådet var ansvarleg for det sosiale tiltaket.

— Diakoniutvalet har eit mål om å stella til gode, sosiale møteplassar. Denne middagen kunne vera ein god møteplass for eldre som sit mykje åleine og et middagen sin. No fekk dei høve til å kosa seg saman med andre, seier Flatnes.

— Midt i blinken

Tilbodet om middagsfellesskap har gått ut til dei som vanlegvis får køyrd middagen heim til seg. Ni personar frå heile kommunen melde seg på, og Flatnes vart positivt overraska over talet på deltakarar.

— For meg såg det ut som at dette var midt i blinken for alle. Dei fleste av desse et middag åleine kvar dag. Alle kunne ha tenkt seg å vera med på dette fleire gonger, seier Flatnes.

Nokre av middagsgjestene kjende kvarandre frå før av, medan andre stifta nye kjennskapar. Flatnes fortel at samtalen rundt bordet gjekk lett føre seg, og at gjestene fortalde litt om seg sjølv.

Samarbeid med fleire

Kommunen stilte med transport, slik at dei påmelde vart henta og køyrde heim att i drosje. Sveio omsorgssenter stod for fin middag, dessert og kaffi, nærare bestemt svinerull og sviskedessert.

— Det er flott med eit samarbeid mellom Soknerådet, kommunen og Sveio omsorgssenter, avsluttar Flatnes.

Powered by Labrador CMS