nyhende

Debatten om brannberedskap og talet på brannstasjonar:

– Vurderte Førde ut frå heilskapen

– Me har vurderte brannstasjon i Førde ut frå ein heilskap der me ser på beredskap innanfor våre yttergrenser, skriv brannsjef Dag Botnen i Haugaland Brann og Redning i ei melding til Vestavind.

Publisert Sist oppdatert

Konklusjonen til HBR har ut frå dette vore at brannstasjonen i Førde trengst.

– Me har ikkje vurdert Førde i ein revidert analyse sidan Sveio har meldt seg ut av HBR, seier Botnen vidare i meldinga.

Noko av diskusjonen rundt brannstasjonen i Førde har handla om bygda er ein tettstad eller ikkje. Det avgjerande for Førde sin del i denne samanhengen er talet på innbyggjarar i sentrum.

Tettstad eller ikkje?

Det er Statistisk Sentralbyrå (SSB) som definerer kva som er tettstad og kva som er spreidd busetnad. SSB sin  hovuddefinisjon på tettstad at det er eit avgrensa område med der det bur minst 200 personar og der det er 50 meter eller mindre mellom husa. Så kjem nokre andre kriterier i tillegg som også kan gi tettstad-status. På grunn av folketalsutviklinga har Førde vore både innanfor og utanfor det SSB kallar tettstad dei siste åra.

– Men Solheimslio og Lauvneset er ein tettstad etter SSB sin definisjon, seier brannkonstabel og kommunestyrerepresentant Sondre Natås Strand, som er sterkt engasjert i denne saka og seier at han jobbar for fleirtal for å behanlda brannstasjonen i Førde når saka kjem opp i kommunestyret.

Krev kortare utrykkingstid

Kravet til utrykkingstid til tettstader er strengare enn til stader med spreidd busetnad. Difor kan dette vera viktig når det gjeld plassering av brannstasjonar. I brann- og redningsforskrifta paragraf 22 heiter det nemleg at utrykningstida ved brann i tettstader ikkje skal overstiga 20 minuttar. Utanfor tettstader bør ikkje utrykningstida overstiga 30 minuttar, heiter det i den same forskrifta.

Utrykningstida blir definert som førebuingstid, også kalla forspenningstid, og køyring. Ved stasjonar med fast bemanning er forspenningstida sett til eitt minutt. Ved stasjonar som i Sveio, der mannskapa må tilkallast, er forspenningstida sett til fem minuttar.

– Ut frå dette vil det ikkje vera mogleg å nå fram til Solheimslio og Lauvneset frå Sveio brannstasjon på 20 minuttar, seier Strand, som også tidlegare i veka åtvara sterkt mot nedlegging av brannstasjonen i Førde.

Vil støtta Ap

Vestavind har spurt gruppeleiarane for dei partia som ikkje er representerte i formannskapet, kva dei meiner om ei ny vurdering av av Førde brannstasjon. Så langt er det berre Kjartan Moe Hustvedt (MDG) som har svart. Han vi i kommunestyret gå inn for at arbeidet med ny brannstasjon i Førde skal halda fram utan opphald i samsvar med tidlegare vedtak. MDG støttar med andre ord Arbeidarpartiet sitt forslag i denne saka.

Powered by Labrador CMS