nyhende

Ryvarden Kulturfyr.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Ryvarden Kulturfyr.

Vurderer utleige av Ryvarden Kulturfyr

Måndag skal Sveio kommunestyre vedta ny driftsform for Ryvarden Kulturfyr. Utleige til ein ideell organisasjon, eller overføring av drifta til ein kommersiell aktør ligg på bordet. Styreleiar Rune Teikari (Frp) meiner det finst gode grunnar for å ha is i magen, og heller halde fram med dagens modell.

Publisert Sist oppdatert

Ryvarden Kulturfyr

Ryvarden Kulturfyr har vore forvalta av Sveio kommune sidan 1992. Først gjennom ein leigeavtale med Kystverket, fram til kommunen overtok eigarskapet til eigedomen i 2005. Drifta er i dag organisert som eit kommunalt føretak (KF).

Ryvarden Kulturfyr KF hadde per 31. august 9 personar i fast stillingar fordelt på litt over to årsverk.

Måndag tek Sveio kommunestyre stilling til framtidig driftsform for Ryvarden Kulturfyr KF.

I september i fjor vedtok Sveio kommunestyre at ein ønskjer å etablere ei drift ved Ryvarden Kulturfyr som er uavhengig av tilskot frå kommunen. Kommunestyret bad samtidig rådmannen om å lage ei sak om ny eigarstrategi.

Rådmannen har no skissert tre mogelege driftsformer for eigedomen som Sveio kommune overtok eigarskapet til i 2005, etter å ha leigd området til samfunnsmmesige føremål sidan 1992.

Dagens modell

Det eine alternativet til driftsform går ut på at held fram som i dag, i eit kommunalt føretak (KF). Men med eit mål om å ta ned den kommunale ressursbruken over tid. I inneverande år handlar det om 440.000 kroner i reint driftstilskot, noko som utgjer om lag 20 prosent av årets budsjetterte inntekter på rundt 2,2 millionar kroner.

— Føretaket vil måtte kompensere for bortfallet av om lag 20 prosent av driftsinntektene sine, anten ved å auke dei kommersielle inntektene, ved å redusere tilbodet til publikum eller gjennom ein kombinasjon av dette, skriv rådmannen i sitt framlegg, slår rådmannen fast.

Det er dette alternativet rådmannen går inn for, og som formannskapet ga støtte til då saka var innom deira bord i haust.

Ideell organisasjon

Eit anna alternativ er å etablere avtale med ein ideell organisasjon som kan driva verksemda vidare for eigen risiko. Og det utan driftstilskot frå kommunen, utover det som vil vere av utgifter til vedlikehald og utvikling av bygningsmassen og areala rundt.

I ein slik modell vil kommunen framleis stå som eineeigar av anlegget, og den ideelle organisajonen vil vere leigetakar.

— Eventuelle naudsynte investeringar etter ønskje frå leigetakar kan i så fall finansierast ved å justere leigeprisen, føreslår rådmannen.

Kommersiell aktør

Eit tredje alternativ er å overlate drifta til ein kommersiell aktør, som vil utvikle Ryvarden som reiselivs- og opplevingsprodukt på kommersielle vilkår.

— Om ein vel ein slik modell, kan det vere aktuelt å skilje ut eigedommen som eit eige aksjeselskap med blanda offentleg og privat eigarskap. Slik at den kommersielle aktøren kan utvikle bygningsmassen for å oppnå naudsynt inntening i drifta, skriv rådmann i sitt framlegg.

Rådmannen har i prosessen vore i kontakt med potensielle og interesserte aktørar som ønskjer å ta over drifta. Men det ligg i korta at det truleg vil vere mest krevjande å gå for denne modellen, mellom anna fordi kommunen i 2005 aksepterte ei rekke statlege klausular i kontrakten, dette knytt til mogeleg framtidge behov for Kystverket.

— Ha is i magen

Ryvarden Kulturfyr KF sitt rekneskap per 31. august i år viste eit solid overskot på over ein halv million kroner, men då er ikkje utbetaling til kunstnarar på 170.000 kroner ajourført. Selskapet har dessutan mottatt 61.751 kroner i statlege kompensasjonsmidlar for tapte inntekter i 2020 som følgje av covid-19. Det høyrer også med i reknestykket at gallerilokalet med kafe var stengt i ein månad på seinvinteren grunna covid-19.

— Vilje frå eigar og evne til å teste ut nye produkt og tilbod til kundane har vist at det er eit potensial for auka inntening, oppsummerer dagleg leiar i sin økonomirapport for 2. tertial.

Rune Teikari er styreleiar i Ryvarden Kulturfyr KF.

Kommunestyrerepresentant Rune Teikari (Frp) er styreleiar i Ryvarden Kulturfyr KF. Han seier til Vestavind at Ryvarden alltid må vere open for endringar og optimalisering av drifta, men meiner kommunestyret no bør sjå til dei positive resultata Ryvarden Kulturfyr KF har levert under snart to år med pandemi.

Han viser til at stadig fleire no tek turen ut til det ynda turmålet, og både innføring av laurdagsopent galleri og kafé, og utvida sommarsesong, har gjeve positive økonomiske resultat.

Stort besøk ved Haugesund Turistforening sine nye Flokehytter, eit lite steinkast frå fyret, har også avla meir aktivitet på Ryvarden.

— Eg forventar, sett i lys av tida me er inne i, at kommunestyret har litt is i magen, opptrer som ein ansvarleg arbeidsgjevar og set pris på resultata som er levert av organisasjonen dei siste to åra, seier han.

Samtidig understrekar Teikari at Ryvarden alltid må alltid vere open for denne type diskusjonar.

— Ein skal aldri belaste offentlege budsjett med ei krone meir enn me må. Men per i dag tenkjer eg at det politiske fleirtalet ser at det er fornuftig å teste ut det me har starte på no, seier han.

Samfunnsoppdrag

Han minner elles om samfunnsoppdraget som ligg i oppdraget kommunen tok på seg då dei overtok forvaltinga av den historierike eigedomen.

— Det ligg og eit folkehelseperspektiv i det å ha eit mest mogeleg opent og tilgjengeleg turmål, som sørger for at flest mogeleg haugalendingar tek turen ut må vere altoverskuggande, seier han.

Saka skulle opphaveleg behandlast av kommunestyret 1. november. Men etter at det vart reist spørsmål kring habiliteten til Rune Teikari (Frp), Ingrid Fludal (Ap) og Asle G. Halleraker (Ap) som alle sit i styret til Ryvarden Kulturfyr KF, vart saka utsett til møtet førstkomande måndag.

Uavhengig av kva alternativ kommunestyret går for, vil kommunen måtte ta rekninga for vedlikehald av bygningane dei i si tid overtok frå Kystverket. I år er det set av 120.000 kroner til kommunale tenester på Ryvarden.

Powered by Labrador CMS