nyhende
Vurderer tøffe kyrkje-kutt
Kyrkja må spare pengar neste år og vil diskutere kraftige tiltak på eit komande møte. Senke temperatur, kutt i vedlikehald av gravplassar eller stenging av kyrkjer på nyåret er noko av det som skal drøftast. — Me står i ein vanskeleg situasjon, seier kyrkjeverje Ottar Krakk.
— Straum er ein vesentleg del av utgiftene me har, og ein av dei tinga me kan påverke, seier Ottar Krakk.
Som kyrkjeverje i Sveio har han god kjennskap til utfordringane kyrkja står ovanfor økonomisk.
Etter nyttår aukar nemleg straumprisen med om lag ein krone per kilowatt for kyrkja, og det har dei ikkje pengar til.
— Det gjer at vi kanskje får straumprisar 170.000 kroner høgare enn i fjor. Det er betydelege summar for vår del, seier Krakk.
Samanlagt vert det mellom 400.000 og 450.000 kroner til straumkostnadar i 2023, om dei ikkje får kutta forbruket.
Grunna ein trongare tid for kommunen får kyrkja om lag 50.000 kroner mindre i midlar, og lønskostnadane har vakse sterkt.
— Samla sett for oss vert det då ein plass mellom 400.000 og 500.000 kroner mindre å bruke. Dei må me på ein eller annan måte ta inn, seier Krakk.
Difor ser dei no på drastiske tiltak.
Kan stenge kyrkjer
Med kyrkjebygga har dei to mogelegheiter for å spare straum og pengar.
— Me kan enten senke temperaturen veldig, eller så må me vurdere å stenge bygga om vinteren. Ingen av desse er ønskelege, men me må vurdere det, seier Krakk.
Krakk fortel at andre kyrkjer har senka temperaturen til ein plass mellom 15 og 18 gradar.
Om dei vel å stenge nokre kyrkjer er det Sveio og Valestrand, samt Eikeland kapell dei ser på. Då vil tenestene i Sveio flyttast til soknehuset ved sida av, og Valestrand sine til Førde kyrkje.
— Det er Sveio kyrkje me brukar mest straum på. Det er det største bygget og med dårlegast varmekapasitet for å variere temperatur. I Førde er det rimelegast og best varmekapasitet, seier han.
Eit slikt tiltak vil og gjelde for gravferder, noko Krakk trur det kan kome reaksjonar på.
— Det som klart vil vere uheldig er gravferder, at ein ikkje får gjennomført den frå kyrkja der ein hadde tenkt å gjere det, seier han.
Gravplassar
Samstundes understrekar Krakk at viss stenging vert aktuelt må det først diskuterast med prost, grunna at stengte kyrkjer ikkje vil oppfylle talet på gudstenester dei er pålagde å halde.
Eit anna alternativ er mindre vedlikehald av gravplassar.
— Då må me heller vurdere kor mykje vedlikehald me gjer på gravplassane om sommaren, seier Krakk.
Vanlegvis tilsett dei tre vikarar som kvar sommar slår graset rundt gravstøttene. Til saman kostar det kyrkja om lag 200.000 kroner.
— Me kan nok ikkje bruke så mykje neste år. Enten må me kutte det ut eller redusere hyppigheit, seier Krakk.
Jula er redda
Sparetiltaka skal diskuterast på eit møte i fellesrådet den 24. november. Det er fellesrådet som har ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer.
Krakk understrekar at tiltaka han nemner førebels ikkje er offisielle forslag, og tiltaka samt omfanget av dei er noko som Fellesrådet skal diskutere.
Dei økonomiske utfordringane som kyrkja står ovanfor kjem ikkje til å påverke jula, understrek han. Auken i straumpris byrjar ikkje før neste år, og staten har opna for straumtilskot dei kan søkje på.
—Vilkåra for tilskotet er at me held kyrkjene opne i advents- og juletida.
Krakk seier dei kjem i mål økonomisk i 2022 grunna tilskotet og at det truleg har berga dei. Han er glad for å kunne seie det med sikkerheit.
— Jula vil gå som vanleg, avsluttar han.