nyhende
Vurderer nye tiltak i Bømlafjordtunnelen
Bømlafjordtunnelen er ein av Noregs mest avanserte tunnelar når det kjem til tryggleik. No ser Vegvesenet og dei lokale brannetatane på om det kan tas enno eit grep for å avgrense faren for tap av menneskeliv ved alvorlege hendingar.
Saman med Stord brann og redning og Haugaland brann og redning gjer Statens Vegvesen no eit arbeid som kan betre tryggleiken for både trafikantar og for naudetatane ved alvorlege hendingar på E39 i Bømlafjordtunnelen.
Det handlar kort forklart om at ein ser på mogelegheita for å automatisere ventilasjonsanlegget, slik at det sender røyken til nærmaste tunnelopning ved ei hending.
I dag er ventilasjonsanlegget i tunnelen førehandsprogrammert til å blåse røyken mot Sveio – uansett kor i tunnelen det skjer ei hending. Skjer det til dømes ei hending med røykutvikling 500 meter inn frå Stord-sida, så blåsast røyken i utgangspunktet 7,5 kilometer mot Sveio. Og dermed med eit potensial om å treffe mange trafikantar som er på veg nordover gjennom tunnelen.
— Me kan snu røyken også i dag, men det skjer først etter ei vurdering av kva retning brannetatane ønskjer å angripe situasjonen frå, forklarar brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens Vegvesen region Vest.
Betre tid til evakuering
Amundsen poengterer at det er viktig å få gjort ei handling så tidleg så mogeleg ved ei hending med brann eller gasslekkasjar.
— Ein brann vil eskalere så lenge den brenner. Jo lengre det brenner, dess meir røyk blir det produsert. Og dess tidlegare ein kan gjere ei handling, jo betre tid kan trafikantane få til å evakuere og kome seg raskast mogeleg ut av tunnelen, poengterer han.
Årsaka til at ventilasjonsanlegget i dag er førehandprogrammet til å bli sendt til Sveio, heng saman med at naudetatane må rykke inn etter røyken, og ikkje i mot.
Stord brann og redning samarbeidar med Haugaland brann og redning når alarmen går, og ved hendingar skal dei saman treffe ei avgjerd om frå kva veg dei vil angripe situasjonen. Dette er også noko av bakgrunnen for at ein no vil sjå på om det har noko føre seg å automatisere ventilasjonsanlegget slik at røyken blir sendt kortaste vegen.
— Teknologien er på plass for å automatisere styringa av røyken, seier Amundsen.
Avansert tunnel
Brannetatane og Vegvesenet vil konkludere i spørsmålet om automatisk styring av røyk eller ikkje etter øvingar denne vinteren.
Den første øvinga vart nyleg gjennomført, då for leiarar. I mars skal ordinært brannmannskap ta del i øvingane, for å bli godt kjent med kva utstyr som er i tunnelen og korleis det fungerer.
Amundsen seier at Bømlafjordtunnelen er ein av tunnelane i Noreg med mest moderne tryggingssystem.
Dette er noko av tryggingsutstyret som finst i tunnelen:
• Kvar einaste meter er overvaka med videokamera.
• Radarsystem som også varslar Vegtrafikksentralen automatisk ved alvorlege hendingar.
• Refleksar og naudlys som viser trafikantane veg ut.
• Sju snu-sonar for store og små køyretøy.
• Sjåførar blir varsla over DAB-radio i køyretøya om det har oppstått ei hending i tunnelen.
• Eiga naudnett for politi, brann og ambulanse.
Sjølv om tunnelen har avansert tryggteknologi, understreker Vegvesenet sin brannvernleiar at redningsarbeid frå tunnel skjer etter prinsippet om sjølvberging.
— Køyrer du inn i ein tunnel skal du sjølv gjere ei handling for å kunne berge deg ut av tunnelen. Det utstyret vi har i tunnelen, skal hjelpe deg til å kunne kome deg ut av tunnelen, seier Amundsen.
Det er ikkje tilfluktsrom i tunnelen.
— Det finst heller ingen garanti for at brannmannskapet får deg ut av tunnelen, understrekar han.
Og brannvernleiaren har ei viktig oppmoding til alle som hamnar i ein situasjon i tunnelen:
— Ikkje ta fram mobilen først, men bruk nærmaste naudtelefon i tunnelen for å varsle om ei hending. For i same augeblink som du løftar av røret på den, veit Vegsentralen nøyaktig kor i tunnelen du er. Det bidreg til at dei kan gjere sine vurderingar raskare, forklarer han.
2018-brannen
Det er stadige hendingar i Bømlafjordtunnelen, men heldigvis er ikkje alle like alvorlege.
I høve til røyk, og styring av den, minnes bereiskapsleiar Frode Lillerud i Stord brann og redning ei hending i tunnelen med ein kassebil med oljefat i tunnelen i 2018.
— Den var på veg ned frå Stord-sida, hendinga fann stad om lag ein kilometer ned i tunnelen. Det brann kraftig, og farleg brannrøyk blei då ført mot Sveio, og ein hadde ikkje god nok kontroll på om det var publikum i denne delen av tunnelen, fortel han.
Lillerud, som har ansvaret for å trygge brannvesenet sin beredskap når det gjeld innsats ved hendingar i Bømlafjordtunnelen, forteller at Stord har eit tett samarbeid med Haugaland brann og redning, som Sveio kommune i dag er ein del av, ved innsats i tunnelen.
— Prosedyren ved alvorlege hendignar i Bømlafjordtunnelen, er at både Stord og Sveio vert varsla. Dette gjer at ein kan gå til åtak på situasjonen frå den tunnelinngangen der det er mest hensiktsmessig. Brannstasjonen med den kortaste utrykkingsvegen tek tidleg leiinga, seier han.
Han ser fram til å få evaluert øvingane som skjer denne vinteren, for å sjå på om ein kan gjere tiltak som gjer tunnelen enno tryggare enn den er i dag.
Brannetatane blir stadig rusta opp med utstyr for å handtere hendingar i tunnelen. I 2016 fekk Stord brann og redning ny brannbil med vasskanon på taket, tiltenkt bruk ved hending i tunnelen. Og teknologien går framover også innan brann- og redningsetaten. Stord brann og redning har i seinare tid og gått til anskaffing av drone med varmesøkande kamera. Den er rett nok ikkje testa i Bømlafjordtunnelen enno, men skal i prinsippet kunne brukast også der, til dømes for å søke etter folk i røyk.