nyhende
Vurderer nye skritt i etterforskinga
Politiet har ikkje lukkast med å finne korkje den ukjende kvinna eller bilen som forsøkte å overtala ein 11 år gamal gut til å bli med inn i bilen onsdag 17. oktober. I løpet av veka skal dei vurdera «nye skritt» i etterforskinga.
Etter hendinga i Valevåg onsdag den 17. oktober vart saka meldt til politiet av mor til guten, Christine Strømø. Same dag som hendinga gjorde politiet også fleire fysiske søk i området, utan hell.
Ingen mistenkte
Tysdag 24. oktober stadfestar politiet at dei etterforskar, men så langt har dei ikkje funne korkje den framande kvinna eller bilen.
– Det har vore gjort søk i politiet sine register for å sjekka både køyretøy og eigar av køyretøy, seier politifullmektig Hans Halvor Kvåle.
Han er påtaleansvarleg i saka og kjem med ei oppdatering.
– Ein har ikkje lukkast å identifisera bilen, og det er ikkje nokon mistenkte enno, seier han.
– Er det nokon personar av interesse for politiet?
– Nei, svarar Kvåle.
Ny vurdering
Han fortel at dei i løpet av veka gjer ei vurdering om dei skal ta fleire nye skritt i etterforskinga for å få avklart kven sjåføren var, men vil ikkje seia kva det inneber.
– Det veit me ikkje no. Det vert vurdert fortløpande, svarar han.
– Har det vore liknande hendingar i området?
– Ikkje som eg veit om, svarar han.
Om nokon sit med informasjon dei antar er relevant for saka oppmodar Kvåle dei om å tipsa politiet.