nyhende

Konsernsjef Pablo Barrera (t.h.) og direktør for økonomi og finans Tørres Øyjordsbakken orienterte kontrollutvalet i Sveio om stoda i Haugaland Kraft måndag.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Konsernsjef Pablo Barrera (t.h.) og direktør for økonomi og finans Tørres Øyjordsbakken orienterte kontrollutvalet i Sveio om stoda i Haugaland Kraft måndag.

Vurderer ekstra utbytte frå Haugaland Kraft

Haugaland Kraft har tent inn nesten like mykje fram til no i år som i heile fjor. Fredag møtast eigarane, inkludert Sveio kommune, for å drøfte mogeleg ekstra utbytte.

Publisert Sist oppdatert

Måndag var konsernsjef Pablo Barrera i Haugaland Kraft invitert til orientering for kontrollutvalet for Sveio kommune.

Saman med direktør for økonomi og finans Tørres Øyjordsbakken gjorde dei greie for den svært gode situasjonen for selskapet, og svara på spørsmål frå utvalet om meir utbytte til eigarkommunane.

Konsernsjef Pablo Barrera i Haugaland Kraft fortel om gode tal frå selskapet.

Sveio eig 3,91 prosent av aksjane, noko som bidreg til gode inntekter også for Sveio kommune.

— Sveio kommune sitt utbytte vart i år på 13 millionar kroner. Neste år vil det garantert verte høgare, seier Øyjordsbakken.

Ekstra utbytte?

Fram til no har Haugaland Kraft tent 842 millionar kroner, nesten like mykje som heile fjoråret sine 945 millionar kroner. Begge tala er etter skatt.

Den utrulege innteninga skuldast utelukkande den høge prisen på straum, og ifølgje konsernsjefen vil den truleg ikkje endre seg på kort tid, grunna krigen i Ukraina.

Leiar i kontrollutvalet Arne Valen(Sp) tok opp problemstillinga med bedrifter som strevar med rekordhøge straumrekningar, og spurte konsernsjefen om meir utbytte for å kunne hjelpe dei der det var mogeleg.

— I eigarmøtet fyrstkomande fredag vil vi diskutera mogelegheita for tilleggsutbytte, seier Barrera.

Vil ta tid

Eit ekstra utbytte frå Haugaland Kraft vil ta noko tid, då det krev ein prosess. Fyrst må styret blir samde om å betale ut ekstra utbytte, og så må dei kalle inn til ei generalforsamling kor eigarane gir endeleg godkjenning. Det er altså mogeleg, men opp til kommunane, ifølge leiinga i Haugaland Kraft.

— Selskapet kan ikkje gi ut kontantbidrag, men det kan kommunane, seier Barrera.

— Kva tenkjer du om at Sveio kommune brukar utbytte til lokal straumstøtte, om dei vil det?

— Om dei ser at det er fornuftig bruk av deira midlar, så tenkjer eg det er fint, seier Barrera.

Måndag den 12. september ba formannskapet konstituert rådmann om ei sak på straumstøtte frå kommunen til bedrifter. Den skal presenterast i neste kommunestyret 26. september.

— Kva tenkjer dykk om pengane dykkar tenar no?

— Eg tenkjer det er et overskot med ein viss bismak. Ein tener gode penger på produksjon grunna dei høge straumprisane og det gjer det spesielt utfordrande for bedrifter i den situasjonen vi er i, seier Barrera.

— Difor seier eg at det er med ein viss bismak, seier han.

Leiar i kontrollutvalet, Arne Valen( Sp), stilte spørsmål om straumstøtte og andre tiltak.

På spørsmål frå Arne Valen (Sp) om kva energisparande tiltak dei gjer, hadde Barrera fleire svar.

Mellom anna oppgrader dei eksisterande vasskraft og aukar produksjonen når det trengs mest, så prisen held seg stabil. Og dei tilbyr kundane ei app som gjer oversikt over forbruk.

Powered by Labrador CMS