nyhende

Autovernet er øydelagt over ein lengre strekning etter uhellet ved Vigdarvatnet.
Autovernet er øydelagt over ein lengre strekning etter uhellet ved Vigdarvatnet.

Vogntog køyrde i autovernet

Ein lastebil på veg sørover på Fv. 47 køyrde i autovernet og la dette flatt over ein lengre strekning tysdag morgon.

Publisert Sist oppdatert

Uhellet skjedde på strekninga der fylkesvegen kryssar Vigdarvatnet nær Sveio sentrum. Like før klokka 08.00 fekk politiet melding om eit vogntog som køyrde svært vinglete. Kort tid etterpå høyrdest eit kraftig smell over heile sentrumsområdet idet vogntoget traff autovernet.

Det er materielle skader på både vogntoget og autovernet, får Vestavind opplyst ved Haugesund politistasjon.

Den utanlandske føraren av vogntoget er avhøyrt av politiet, som har meldt han for brot på køyre- og kviletida og for aktlaus køyring. Det er oppretta sak, men førarkortet er ikkje beslaglagt. Vogntoget var køyrbart etter uhellet og var fjerna frå staden mindre enn ein time etter at det small.

Powered by Labrador CMS