nyhende
Vitne greip inn då han kjente att stolen bil
Nasjonaldagen fekk ein dårleg start for ein sveibu som oppdaga at bilen hans var stolen. Onsdag morgon satt ein annan sveibu i varetekt ved Haugesund politistasjon, mistenkt for biltjuveri og køyring i ruspåverka tilstand.
Natt til 17. mai vart ein bil stolen frå ei adresse i nærleiken av Sveio sentrum. Meldar melde frå til politiet i 8-tida på morgonkvisten på nasjonaldagen.
Vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon seier til Vestavind at politiet kikka etter bilen heile dagen.
Ifølgje Haugesunds Avis skal bilen både ha vorte borti eit tre, og seinare også ein annan bil på sin ferd i løpet av dagen. Bilen skal mellom anna ha vore observert nord i Haugesund.
Vitne tok grep
Eit vitne som køyrde mot Sveio like før klokka 20, og som skal ha vorte utsett for ei farleg forbikøyring av bilen, kjende att den stolne bilen. Han la seg på hjul, og fekk sperra bilen inn på ein veg.
Sjåføren skal då ha forsvunne frå staden til fots. Etter den siste meldinga frå vitne rykte politiet ut med hund. Dei hadde i løpet av dagen også fått tips om namngitt person som kunne stå bak tjuveriet.
Funne av hund
— Det vart gått spor etter mistenkte, som kort tid seinare vart funne, opplyser Fagerland til Vestavind.
Det viste seg å vere den namngitte mistenkte.
Bilen hadde ein del skader etter sin ferd, men ifølgje Haugesunds Avis fekk eigaren køyre den heim etterpå.
Den mistenkte biltjuven, ein sveibu i 20-åra, satt onsdag morgon framleis i politiet si varetekt i Haugesund. Han er mistenkt både for tjuveri av bilen, og får køyring i påverka tilstand.
— Han vil bli avhøyrd i løpet av dagen, seier Fagerland.