nyhende

Viste fram kva dei kan: — Ein omstart for brannsamarbeidet.

Alarmen gjekk på Sveio brannstasjon tysdag. Det kom melding om at to menn hadde hamna i sjøen i Vigdarvatnet.

Publisert Sist oppdatert

Denne gongen var det heldigvis berre ei øving. Høvet var ein rundtur, der eigarane av Haugaland Brann og redning IKS (HBR), med ordførarar, kommunedirektørar og rådmenn i spissen, var med på reisa.

Rundreise

Følget starta dagen i Aksdal. Bussen rulla vidare med fleire stopp med tilhøyrande demonstrasjonar av mannskap og materiell i Tysværvåg, Bokn, Kopervik, Bø, Sveio, Skjold, Ølen og Sandeid før dei returnerte til Aksdal. På reisa fekk dei mellom anna demonstrert røykdykking, overflateredning, klippeutstyr, stigebil, dyreredning, hurtigfrigjering og forskjellige sløkke-teknikkar.

— Det er veldig kjekt å kome ut og sjå dei forskjellige brannstasjonane, kva utstyr dei har og kva type arbeid dei driv med, seier Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Ho syntest øvinga i Sveio, som handla om overflateredning, og der brannvesenet demonstrerte redning både med symjar med line, og båt med lina, var flott.

— Det er interessant å sjå kva brannvesenet kan gjere. Dei har ein viktig jobb, slår ho fast.

Stasjonsmester John Anders Semb ved Sveio brannstasjon seier dei har flest oppdrag knytte til trafikkulykker, men at det var greitt å få vist fram kva dei kan gjere i maritime miljø.

— Sveio er ein kommune med vatn på alle kantar, slår han fast.

Omstart for samarbeidet

Rundturen for HBR-eigarane kom i kjølvatnet av langvarig turbulens i Haugaland Brann og Redning IKS. Det er ingen tvil om at det interkommunale samarbeidet har slått sprekkar, mellom anna etter krevjande personalkonfliktar. Situasjonen har kulminert med at både Etne kommune og Suldal kommune har vedtatt å trekke seg ut frå samarbeidet. Karmøy, Tysvær, Bokn, Sveio og Utsira står att. Også i Sveio har det vore diskusjonar, men så langt utan politiske initiativ til å trekke seg ut.

— Eg håpar inderleg at Sveio vil vere med vidare, seier brannsjef Dag Botnen, som var med på turen.

Han seier opplaget tysdag også er ein del av ein omstart for brannsamarbeidet på Haugalandet.

— Me må kome oss vidare no, seier han.

Han synest også at det er kjekt å vise fram kva brannvesenet står for.

— Eigarane våre får mykje teoretisk om brannvesenet, i dag får vi vist fram det praktiske, og det er kjekt at me på denne måten får eigarane våre tettare på, seier han.

Powered by Labrador CMS