nyhende

Førde legekontor ligg i Førde sentrum.
Førde legekontor ligg i Førde sentrum.

– Viss det ikkje hastar, vent til fastlegen er tilbake frå ferie

Dei tre legekontora i Sveio har kvar sin ferieavvikling i løpet av sumaren. Sjå her og finn ut når ditt legekontor tek ferie.

Publisert Sist oppdatert

Sveio har tre legekontor som alle skal ha ferie. Dei har koordinert slik at det alltid er eit legekontor ope i kommunen, men i fire veker går Sveio med berre eitt legekontor. Her er datoane for når legekontora har ferieavvikling:

  • Veke 26 til 29 – Albatross legekontor (Måndag 24. juni til søndag 21. juli)
  • Veke 26 til 29 – Sveio legekontor       (Måndag 24. juni til søndag 21. juli)
  • Veke 30 til 33 – Førde legekontor      (Måndag 22. juli til søndag 18. august)

På nettsida si skriv kommunen at viss din fastlege har ferie kan du ta kontakt med eit anna legekontor som er ope. Samstundes kjem dei med ei klar oppmoding om å ta omsyn til ferieavviklinga.

– Er det timar som ikkje hastar, er det fint om du ventar til fastlegen din er tilbake frå ferie.

Powered by Labrador CMS