nyhende

Monica V. Valen og Marryel H. Velde er talspersonar for foreldre på dei nedleggjingstrua skulane.
Monica V. Valen og Marryel H. Velde er talspersonar for foreldre på dei nedleggjingstrua skulane.

– Viser ikkje vilje til vekst

FAU-leiarane ved Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter er ikkje overraska over forslaget om å leggja ned skulane. Både Marryel H. Velde og Monica V. Valen synest saka går for fort fram.

Publisert Sist oppdatert

Då Marryel H. Velde, leiar for FAU ved Auklandshamn skule blei kjend med forslaget som rådmannen la fram førre fredag, blei ho ikkje overraska.

– Det er klart me er frustrerte og sinte alle saman, det er som om det er planlagd. Eg føler det er forhasta avgjerder som skal takast, seier Velde til Vestavind.

Skal laga plan

Folk i bygda er skuffa, og mange tankar svirrar, men gitt opp har dei ikkje. Det skal leggjast ein plan for kva som kan gjerast framover.

– Er ein så naiv at ein trur skulen blir betre i Sveio om ein legg ned skular, må ein gå ein runde og tenka gjennom saka ein gong til. Det nyttar ikkje å feia vekk og hiva to skular i bosset, seier Velde, som heller skulle sett at elevar frå Bua og Auklandshamn gjekk på ein felles skule.

Stor omvelting

Til politikarane som ikkje har bestemt seg enda, ber ho om at det er ungane som er i fokus.

– Tenk på kor stor omvelting det er for dei. Bygda blir splitta når nokre går til Førde og nokre til Sveio. Tenk på kor lite ein sparar årleg på å leggja ned to skular

Ikkje vilje til vekst

Nedleggjingsforslaget kom heller ikkje uventa på FAU-leiar ved Valestrand oppvekstsenter Monica V. Valen.

– Me som FAU er ikkje heilt einige i argumentasjonen, skulen her nord har gode elevtal. Eg synest ikkje det viser vilje til vekst når ein tar bort skulane, seier Valen. Ho fortel at 40 prosent av elevtalet på skulen er tilflyttarar, som ikkje ville vore der utan skulen, og utan skulen – mindre tilflytting, trur ho.

Framover vil FAU bruka dei kanalane dei kan for å få fram si meining. Det vil bli lesarbrev i aviser, og politikarane kan venta seg telefonar frå engasjerte foreldre som vil leggja fram argumentasjonen sin.

Ikkje optimalt

Å ha ei slik sak oppe i ein pandemi, er ikkje optimalt, meiner FAU-leiaren. Skulle dei klara å gjennomføra eit fakkeltog framføre kommunehuset i forkant av eit kommunestyremøte, vil ikkje politikarane vera til stades – dei er heime framføre kvar sin skjerm.

– Ved normale omstende i samfunnet, ville me fått vist engasjementet på ein annan måte, seier Valen, og nemner at digitale møte, som både formannskapet og kommunestyret har hatt dei siste gongene, ikkje involverer alle godt nok.

Demokrati

Nokre parti har tatt ei klart standpunkt i skulestruktursaka, men ikkje alle. Valen minner om at me bur i eit demokratisk samfunn. Med det håpar ho at politikarane som ikkje har bestemt seg for kva dei meiner er best, står fritt til å stemma uavhengig av kva andre i partiet måtte gjera. Og med det sagt, synest ho det heile går litt raskt føre seg.

– Personleg synest eg dette virkar som ei hastesak. Det er bekymringsverdig at ein vil flytta rundt på nær 100 elevar, til ein skule som treng ombygging, i følgje Telemarksforsking. Etter norma er det heller ikkje stort nok uteareal her, seier Valen. Busstransport er heller ikkje konsekvensvurdert, seier ho.

Måndag skal saka opp i hovudutval for oppvekst og kultur. Det er ikkje bestemt om møtet skal vera ved fysisk oppmøte, eller fjernmøte. HOK er den første av tre instansar som skal gjera vedtak.

Powered by Labrador CMS