nyhende
Virtuelle gjerde gir dyra straumstøyt utan grunn
Fleire brukarar av det virtuelle gjerdesystemet Nofence opplever problem med at dyra får straum i seg utan at dei er nær beitegrensa si.
Systemet, som normalt skal gi dyra lydsignal og straumstøyt berre når dei nærmar seg grensa for beiteområdet, sender no ut støyt tilfeldig, skriv Nationen.
Avisa har prata med fleire Nofence-brukarar som har opplevd dei grunnlause straumstøyta.
– Dyra blir veldig urolege når dei får støyt utanfor grensa, og så ein heilt annan plass rett etterpå. Det blir forvirrande for dyra, seier Trude Flatland, ein av bøndene som er råka, til Nationen.
Joachim Kähler, administrerande direktør i Nofence, beklagar situasjonen på det sterkaste:
– Vi forstår at det er både frustrerande og forferdeleg, både for dyra og for bøndene. Vi jobbar natt og dag for å få på plass ei løysing så raskt som mogleg.
Problemet gjeld berre klavar av versjon 2.2 og eldre, selde fram til starten av 2023. Nofence oppmodar berørte kundar om å fjerne dei påverka klavane frå det virtuelle beitet inntil ei teknisk løysing er på plass.