nyhende
Vinter fram til søndag
Vêret skiftar fort på våre kantar, men fram til søndag ser det ut til å halda seg på den vinterlege sida, så det er berre å nyta snøen mens me kan.
Onsdag formiddag ser det ut til å halda fram med snøbyger fram til etter lunsjtider. I ettermiddag vil temperaturen vippa over på plussida, før det igjen blir blått på gradestokken. I kveld kan det også koma nye snøbyger.
Torsdag vil det stort sett vera minusgrader, og det kan både bli solgløtt og lette snøbyger. Fredag seg ut til å bli den kaldaste dagen denne veka med ned i minus 7 grader. Det er også håp om å få sjå sola noke timar.
Frå vinter til «mildvêr» i helga
Helga blir todelt om yr.no får rett. Laurdag meldes det minus 1-3 grader heile dagen, og har du tenkt deg å ski i helga, bør du nytta laurdagen. Søndag ser det nemleg ut til å bli «mildvær» og plussgrader etter lunsj, og det er også meldt regnbyger og sluddbyger saman med plussgradene.
Ein kikk på 21-dagersvarselet viser at det frå 11. februar er venta å bli plussgrader på dagtid og minus kveld, natt og tidleg morgon fram til 28. februar.