nyhende
Vinmonopolet opnar i oktober
Vinmonopolet har underteikna kontrakt med Sveio Senter og satsar på å opna i oktober. – Ein koseleg stad me gler oss til å opna butikk på, seier pressetalsmann Jens Nordahl i Vinmonopolet.
– Då er det ferdig med forhandlingane, og me har underteikna kontrakt, seier Jens Nordahl, pressetalsmann for Vinmonopolet.
Fredag bekreftar han ovanfor Vestavind kvar og når butikken deira kjem til Sveio kommune.
– Det vert Sveio senter. Me tek over lokala i midten av oktober. Det betyr at me truleg får opna i slutten av oktober. Det er sånn det pleier å gå, seier Nordahl.
Ei opning i oktober vil bety at det har gått mindre enn eit år sidan vedtaket om utsal i Sveio.
– Då er me godt nøgd, det er eit bra tempo, seier han.
Han fortel at dei ikkje har bestemt kva dagar og opningstider enno. Og heller ikkje kor mange tilsette det vert.
– Det må me diskutera internt. Den kjem til å verta stengt måndagar, og mogelegvis også tysdagar, seier Nordahl.
Storleiken på lokala er 180 kvm, men han understrekar at butikken vert ikkje så stor.
– Det skal jo kome lagar, pauserom, garderobar til tilsette og liknande, seier Nordahl.
Vinmonopolet meiner plasseringa er god.
– Alle som kjenner Sveio veit at mest handel skjer i Sveio sentrum, og der er Sveio senter den største handelsaktøren. Det er ein fin butikkmiks, god parkering og ein koseleg stad som me gler oss til å opna butikk på, seier Nordahl.
– Kva lokale produkt kjem de til å ta inn?
– Viss det er lokal etterspurnad så vil me ha det inne, og det brukar å vera det for lokale produkt, seier han før han avsluttar
– Forhåpentlegvis kjem dette til å tilføra fleire kundar til handelen i Sveio, seier Nordahl.