nyhende
— Vinmonopol er overvurdert
— Vinmonopol er overvurdert som redningsflåte for lokal handel, seier forbrukarekspert Bjørn Helge Nygaard i Prognosesenteret.
Prognosesenteret er eit uavhengig marknadsanalysebyrå, som mellom anna blir brukt som rådgjevarar for eigedomsinvestorar i heile landet. Der er Bjørn Helge Nygaard nordisk leiar for forbrukarinnsikt.
Han har jobba med mange av aktørane innan bustadutvikling, kjøpesenter og handelskjeder. Han har også jobba med fleire prosjekt knytt til sentrumsutvikling, med vekt på å utvikle handelstilbod til beste for innbyggarar og miljø.
Han kjenner ikkje Sveio spesielt, og presiserer at betydninga av eit lokalt polutsal kan vere veldig forskjellig frå stad til stad.
— Men frå gammalt av tenkte ein gjerne at Vinmonopolet eller Hennes & Mauritz (kledekjede, red. merknad) kunne redde eit kjøpesenter og ein by. Men fakta viser at det i omsetningstala ikkje er grunnlag for påstå at noko slikt, seier han.
Kortvarig optimisme
Han legg til at det kan vere positivt for allereie etablert handel å få eit vinmonopol som nabo, og viser til at folk flest ikkje køyrer forbi ein eller to butikkar med dei andre tinga ein treng, så fremt utvalet er omtrent likt i alle butikkar. Då veil ein den nærmaste.
— Og ein kan kanskje få ein utslag av ein kortvarig optimisme i starten rundt etableringa av eit polutsal, men det er ikkje ofte ein ser dramatiske endringar som følgje av det kjem eit polutsal, seier han.
Han meiner elles at innbyggartalet i Sveio kommune (5.746 per 2. kvartal 2022, red merknad), og det faktum at det Sveio i praksis er mest ein bo- og sovekommune, gjer det vanskeleg å sjå for seg etablering av mange nye handelsaktørar. Rett og slett fordi at omsetningsgrunnlaget er for lågt.
— Sportsbutikk treng 50-60 millionar
Han viser til at til dømes ein sportsbutikk treng 50-60 millionar kroner i omsetnad åleine for å kunne overleve i dag, og at han har vanskeleg å sjå for seg at det er mogeleg å få til i Sveio.
— Ta til dømes moteklede. Det er ikkje nok for ein familie at ein Dressmann-butikk etablerer seg på ein liten stad. I den eine butikken reknar ein ikkje med å finne alle klede til familien, difor køyrer nok dei aller fleste, i dette tilfellet, til Haugesund for å kunne finne klede til alle, seier han.
Forbrukareksperten bur sjølv i Nittedal, like nord for Oslo. Dei har dei ei mindre kjøpesenter, og eit vinmonopol.
— Men sjølv der slit handelen med at breidda er tilbodet blir for lite til at folk flest gjer særleg annan enn daglegvarehandelen sin lokalt, seier han.