Støyen frå desse turbinane er ikkje som venta og i strid med konsesjonen som er gitt, slår miljøtilsynsjef Anne Johanne Kråkenes i NVE fast.
– Tysvær Vindpark har i lengre tid jobba med å fjerne støyproblema som oppstår ved enkelte av turbinane. Det er førebels ikkje verifisert at problema er fjerna, og NVE pålegg derfor stans av turbinane om natta av omsyn til naboane, seier Kråkenes.
Folk som bur i nærleiken av vindkraftparken, har lenge klaga på helseplager og søvnproblem på grunn av støyen frå vindturbinane.
– Om kvelden høyrer du gjerne ikkje TV-en. Du lurer jo på kor gale det blir. Får vi sove, blir vi vekte. Det høyrest ut som ein båt som står og stangar i sjøen. Det er ein intens dur som aldri stoppar, fortalde ein av vindparknaboane, Lillian Soma Øvregård, til NRK tidlegare denne veka.
Tysvær Vindkraft må no dokumentere at støyproblema er løyste for kvar av vindturbinane det gjeld, før dei igjen kan la dei gå på kvelds- og nattetid.
Også på dagtid må vindkraftverket no køyre dei aktuelle turbinane i støyredusert modus.
Vindparken vart sett i drift i desember 2021.
(©NPK)