nyhende

Politi
Kraftige smell heldt naboar vakne natt til måndag.

Viltpåkøyrsel øydela bil

Måndag morgon vart ein hjort påkøyrd på E39.

Publisert Sist oppdatert

Ein sjåfør i nordgåande retning på E39 i Valestrand fekk måndag morgon eit hjortedyr føre bilen sin, melder politiet på Twitter/X. Det var ikkje noko personskade, men bilen vart vurdert ikkje køyrbar etter hendinga og køyrefeltet vart sperra.

Ein bilbergar kom på staden og fjerna bilen slik at køyrebanen no er open att. Viltnemda er på veg for å henta hjortedyret. Hendinga skjedde litt over klokka 06.00.

Powered by Labrador CMS