nyhende

Politi

Viltpåkøyrsel i natt

Klokka 02.30 var det ein viltpåkøyrsel sør i kommunen.

Publisert Sist oppdatert

— Hendinga fann stad ved Ekrene næringspark, seier Nina Fagerland, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Ho fortel at klokka 02.30 natt til fredag vart eit vilt dyr påkøyrd.

Det er ikkje kjend kva dyr det var, eller kva skadar det vart på bilen.

— Kva med dyret?

— Eg reknar med at det omkom sidan vegtrafikksentralen vart varsla. Elles ville dei ha varsla viltnemda om det overlevde, seier Fagerland.

Powered by Labrador CMS