nyhende
— Villig til å sjå på takstsonene
Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, (Sp) kjem til årsmøtet i Sveio sp torsdag kveld. Til Vestavind seier han at han er villig til å sjå på dei omdiskuterte takstsonene som råkar reisande til og frå Sveio og regionsenteret Haugesund.
Ei lita veke etter folkerøystinga i Sveio, kjem Vestland sin fylkesordførar på besøk til kommunen som hadde heile fylket sitt søkjelys på seg i samband med folkerøystinga måndag førige veke.
— Eg er invitert av lokallaget for å halde ein tale på Sveio Sp sitt årsmøte, seier Askeland til Vestavind.
Tema for møtet er programarbeid i forkant av neste val. Han skal ikkje ha andre møter i kommunen, korkje med ordførar eller andre.
— Nei ikkje denne gongen. Eg har eit tett møteprogram elles både torsdag og fredag, og det er ikkje planlagt andre møter i kommunen, opplyser han.
Askeland vart invitert til Sveio Sp sitt årsmøte i desember, altså ei god stund før folkerøystinga.
— Forpliktande avtale om skule
Askeland opplyser at det sist fredag var eit møte på politisk og administrativt toppnivå mellom Vestlund og Rogaland fylkeskommune, kor samarbeid mellom dei to fylka har vore tema.
Rett til skuleplassar for elevar frå Sveio i Haugesund er eit av tema som vart drøfta på siste møte.
— Rogaland er like tydelege som oss på det punktet. Me har ein avtale i dag, og den forpliktar, seier Askeland.
Han viser til at skulespørsmålet ikkje berre gjeld Sveio, men også Etne kommune kor elevane i dag har rett til skuleplass i Rogaland.
Askeland peikar på at Sveio-elevane i dag er godt stilt, med eit breitt tilbode av vidaregåande skuler dei kan nytte både på Haugalandet og i Sunnhordland.
— Slik sett er Sveio «midi i leio», seier han.
Villig til å sjå på takstsonene
Også takstsonene til samferdsleselskapa, høvesvis Skyss i Vestland og Kolumbus i Rogaland, var oppe til drøfting på møtet mellom fylka. I dag må sveibuen betale for to takstsone frå Sveio og dei 17 kilometrene til Haugesund.
Til samanlikning betaler passasjerar frå Etne i Vestland for éi takstsone hos Rogaland fylke sitt samferdsleselskap Kolumbus for 60 kilometer reise til Haugesund.
Også dei fleste andre passasjerane i Vestland, utanfor Sunnhordland, har éi takstsone frå sine bygder og til/frå regionsentra.
— Det ligg eit vedtak frå gamle Hordaland fylkeskommune om at ein skal sjå på takstsonene i Sunnhordland på nytt, og eg er open for at me gjer det i nye Vestland fylkeskommune, seier han.
— Så de kan få til éi takstsone frå Sveio til regionsenteret Haugesund?
— Eg vil ikkje seie noko absolutt enno, men eg er villig til å sjå på det, seier han.
— Kolumbus (Rogaland fylke sitt samferdsleselskap, red. Merknad) endra frå to til ei takstsone frå Haugesund i Rogaland til Etne i Vestland for eit par år sidan fordi det frå politisk hald i Rogaland vart peika på som unaturleg å bruke fylkesgrensa som skilje for ei takstsone i det tilfelle. Kan ein ikkje berre frå politisk hald i Vestland gje ordre til Skyss om gjere det same frå Sveio til Haugesund?
— Det er som regel ein grunn til at takstsonene er slik dei er, og me må sjå på det faglege i dette først, og eg kan ikkje forskottere utfallet seier Askeland.
— Sveio må få styrka posisjon
Kommunestyrerepresentant Arne Valen i Sveio Sp seier at lokallaget vil gi fylkesordføraren ei klar melding på møtet torsdag kveld.
— Meldinga til han frå oss vil vere at Sveio må få styrka sin posisjon i Vestland, seier han.
Valen presiserer at Sp støttar opp om vedtaket som kommunestyret gjorde sist måndag, med alle krava som vart stilt der.
— Sunnhordland-kommunane og Sveio spesielt må ha ein tydelegare rolle inn i Vestland, og det vil bli tema på årsmøtet, seier han.