nyhende

– Ville hylla far og andre krigsseglarar

Den 22. august 1940 vart bergensskipet «Keret» torpedert av ein tysk ubåt. 13 av mannskapet vart drepne, medan sju overlevde. Ein av dei overlevande var Nicolay (Nic.) Torp. Sonen Ole Torp kjem i desse dagar ut med ei bok om faren, «Dypet under ham».

Publisert Sist oppdatert
Vi kjenner Ole Torp som journalist med lang fartstid frå NRK, der lysluggen blant mykje anna har vore korrespondent både i USA og i Kina. Før han hamna i NRK var han i mange år journalist i Dagbladet. Han gjekk av med pensjon som 70-åring i 2021, og det siste året har han jobba med denne boka.

38.000 norske sjøfolk jobba på norske skip under den andre verdskrigen. Nær 3800 av dei vart drepne i tyske ubåt- og flyangrep mot skipa dei var på. I alt 500 norske handelsskip vart senka gjennom krigsåra.

Mange av dei som overlevde takla ikkje livet etter krigen, ein del sleit med nervane, og det var mykje sjølvmedisinering med alkohol. Men det var også mange som greidde seg bra. Nic. Torp frå Bergen var ein av dei.

Historier frå krigen

– Frå eg var ganske liten fortalde far meg historier frå krigen. Eg elska desse forteljingane, sjølv om eg kanskje var for liten for ein del av dei. Det var ramsalte historier både frå livet om bord og på etterlengta landlov i skotske, engelske og islandske hamner. Eg fekk høyre om damer i land, om sjøfolk som drakk for mykje og om dramatiske torpederingar frå eg var 6–7 år gammal, minnest Ole Torp.

– Mor greip fleire gonger inn og spurde om det verkeleg var naudsynt å fortelje slike detaljar til gutungen, legg han til med eit smil.

Nic. Torp heldt fram med å sigle etter torpederinga i 1940. Han ville gjerne bli overført til ein kanadisk destroyer, slik at han fekk sjansen til å jakte på tyske ubåtar. Men Nortraship, som då hadde overteke den norske handelsflåten, ville ikkje gi slepp på han, sidan han både hadde styrmannsutdanning og var telegrafist.

Berre to veker etter torpederinga mønstra Nic. Torp på D/S «Lyra», som også tilhøyrde Det Bergenske Dampskibsselskab. Han blei om bord der heilt til skipet kom tilbake til heimehamna fleire månader etter frigjeringa 8. mai 1945. Det var ikkje spesielt populært at dei måtte ta ein ekstra tur til England medan folk i Noreg feira freden.

«Lyra» gjekk under heile krigen i konvoi mellom Skottland/England og Island.

Innsats for fedrelandet

Ole Torp trur faren hadde eit tosidig forhold til krigen. Det var dramatiske tider, og han hadde ein sterk heimlengsel. Han var forbitra på Tyskland som hadde gått til angrep på landet hans, men han var fast bestemt på å gjere ein innsats for heimlandet.

– Eg trur far tenkte tilbake på krigen som dei beste åra i livet sitt. Sjølv om det var dramatisk og forferdeleg, gav han inntrykk av at han verkeleg levde. Det å vere i eit fellesskap av menn som hadde ei felles sak og som stod for noko. Han var veldig bevisst på den viktige innsatsen han og andre norske sjøfolk gjorde i krigsåra, seier han.

Nic. Torp sigla som andrestyrmann og telegrafist då skipet «Keret» frå Bergenske vart treft av ein tysk torpedo denne augustnatta ein stad mellom Island og Grønland. Missilet ramma midtskips, og alle som jobba i maskinen døydde truleg momentant. Også nokre av dei som oppheldt seg i lugaren på frivakt fekk ei våt grav.

Nic. var vakt på brua då den tyske ubåten gjekk til angrep. Det vart snart klart at skipet kom til å gå ned. Dei forstod at alle som jobba i maskinen mest sannsynleg var døde. Det vart dramatikk då dei skulle låre livbåten. Han hang fast og då dei først fekk han i sjøen landa han med feil side ned.

Kamp på liv og død

Det var ein kamp på liv og død. Sjølv om det var august, var det kaldt både i lufta og i sjøen. Nic. berga seg saman med kaptein Knut Knutsen Jøsok frå Herøy, førstestyrmann Knut Flem frå Ålesund, jungmann Olaf Daniel Vedvik frå Vågsøy, lettmatros Svend Dahl frå Hobro i Danmark og kokk Gudmund Kaare Kristiansen frå Bergen.

I boka får vi også vite kva som skjedde med dei overlevande etter krigen, men også om dei som miste livet. For det er viktig for forfattaren at dette ikkje berre skulle bli ei heltehistorie om faren.

– Det var litt rart at far ikkje fortalde meg at han berga livet til kokken. Han låg og kava i sjøen, men han kom ikkje nokon veg fordi føtene hans hadde sett seg fast i noko. Far oppdaga dette og dukka ned. Han følte seg fram i mørket og merka at føtene til Kristiansen var fanga i ei tung sekkestrie. Han tok fram foldekniven han alltid bar på seg og skar han laus. Desse opplysningane kom fram i sjøforklaringane i Montreal i Canada, og som eg fann i eit kanadisk krigsarkiv, fortel Ole Torp.

Fleirtalet av mannskapet på «Keret» miste livet, blant dei lettmatros Alexander Eivold frå Florø. Denne familien vart hardt ramma av krigen. Den fem år eldre broren Trygve vart drepen då tyskarane senka panserskipet «Norge» ved hamna i Narvik på den første dagen av krigen. Han døydde saman med 101 skipskameratar.

I boka brukar Ole Torps faren si historie som ei ramme rundt dei mange dramatiske hendingane under krigen.

Jakt i krigsarkiva

– Eg skreiv først ned det eg hugsa av historiene til far. Så sjekka eg det opp mot både norske, britiske, kanadiske og tyske register og arkiv. Skriveprosessen var ei sterk oppleving, det var nærmast som å bli kjent med faren min på nytt, skyt han inn.

For det gjekk mange år då dei ikkje snakka så mykje om det som skjedde under krigen.

– Då eg vart ungdom var eg meir oppteken av Vietnamkrigen, menneskerettar og apartheid, aktuelle saker i samtida, og då slutta også far å snakke om krigen.

Ole Torp fortel at han sjølv i ein periode ynskte å bli sjømann, men då snakka faren han frå det. Mannen som sjølv ikkje fann seg til rette i arbeidslivet på land, sa til sonen at livet på sjøen ikkje var bra for familien.

Nic. Torp prøvde seg i ein periode på land, fordi kona Marguerite ikkje takla at ho måtte vere så mykje åleine. Ho fekk problem med nervane, fortel sonen, men han trur det også det kom av at ho vart arrestert og avhøyrt av Gestapo.

Illegalt arbeid

Ho jobba på kontoret i Det Bergenske Dampskibsselskab, same reiarlaget som Nic. Torp var tilsett i. Ho vart mistenkt for å ha hjelpt tre gutar som skulle flykte til England med falske papir. Ho var også aktiv i distribusjonen av illegale aviser.

– Mor hadde nok ei fæl oppleving med Gestapo, men ho ville aldri snakke om det. Det einaste ho sa var at dei førte henne bort med ein bajonett mot skuldra. Ho blånekta for alt og vart sett fri om kvelden. Men eg er ikkje i tvil om at opplevinga sette sine spor, seier han.

Det var først etter krigen at Marguerite og Nic. vart eit par. Han heldt fram i Bergenske i heile yrkeskarrieren, og han var kaptein på fleire av passasjerskipa til reiarlaget. Han omtalte alltid arbeidsgivaren som Kompaniet.

Ole Torp fortel at han har oppsøkt fleire byar der han visste faren hadde vore ein del under krigen, slik som Liverpool og Reykjavik. I den islandske hovudstaden var han innom Hotell Borg, det finaste hotellet i byen. Der visste han at faren var i møte med engelske etterretningsoffiserar i tårnsuiten på hotellet.

Nic. Torp vart også god kamerat med ein av desse offiserane, og dei heldt kontakten også etter krigen.

Etterretning i nordområda

– Det har ikkje kome fram så mykje om etterretningstenestene sitt arbeid i nordområda under krigen, men dei var svært aktive. Blant anna med å spreie desinformasjon til Tyskland og korleis dei skulle lure dei tyske ubåtane. Det var ein viktig del av krigsinnsatsen, fortel Ole Torp.

D/S «Lyra» vart ikkje torpedert i konvoifarten mellom Storbritannia og Island, men dei opplevde fleire gonger at andre skip i konvoi vart angripne. Dei syntest det var svært vanskeleg at dei berre måtte sigle vidare, utan å stanse for å hjelpe dei som vart torpederte. Det var strenge reglar for slikt i konvoifarten.

Ved å stanse for å hjelpe, ville dei sjølve bli svært utsette for angrep. Det var berre marinefartøya som eskorterte konvoiane som kunne plukke opp overlevande.

Lærdom

Tidlegare bøker om krigssiglarane har ofte vore skrivne av faghistorikarar, eller det har vore romanar der fiktive personar er dikta inn i faktiske hendingar. For Ole Torp var det viktig at har skulle gå inn i faren si historie som journalist.

– Eg har lært mykje om andre verdskrigen i arbeidet med boka. Eg har alltid vore interessert i krigen, men eg har lært mykje om samanhengar. Korleis krigen utvikla seg, korleis det eine førte til det andre. Eg har skrive boka i takksemd og respekt for innsatsen til krigssiglarane. Men også for å formidle kor viktig det er å kjempe når det er det einaste rette å gjere, avsluttar han.

Nicolay Theodor Torp døydde i 1998, 84 år gammal. Kona Marguerite gjekk borte nokre månader seinare.

Powered by Labrador CMS