nyhende

12. februar 2021 dronefoto valestrand valevåg 12. februar 2021
Foto frå Valevåg.

Vil vurdera å flytta bygda ut av Sveio om skulen blir nedlagt

Dersom skuledelen av Valestrand oppvekstsenter blir lagt ned, vil Valestrand bygdelag vurdera å starta ein diskusjon om grensejustering. Dei vil over til Stord.

Publisert Sist oppdatert

Nytt styre i Valestrand bygdelag

Leiar: Solveig Høgås Iversen
Nestleiar: Anne Lise Økland
Kasserar: Viktoriia Beshyr
Sekretær: Agnieszka Wanang
Styremedlem: John Olav Hammer og Silje Marie Grutle
Mediekontakt: Silje Marie Grutle
Konstituert 15. mars 2021

Skulesaka skapar sterkt engasjement i Valestrand. Bygdelaget er blant dei som arbeider hardt for å bevara nærskulen sin, og stolar på at politikarane ser verdien av å ta vare på skulen i bygda.

Dersom dette likevel ikkje skulle gå rette vegen og bygda blir utan skule, ser bygdelaget det som naturleg å starta ein diskusjon om grensejustering.

– Her i nord er det mange som då vil venda seg endå meir mot Stord og Sunnhordland i kvardagen. Det kjem iallfall ikkje til å styrka Sveio sentrum ved å hindra framtidig utvikling i levande og flotte bygder som Auklandshamn, Førde og Valestrand. Me ser fram til eit politisk vedtak i april som satsar på å styrka alle de fem skulane i kommunen vår, står det i ei uttale frå Valestrand bygdelag.

Argumenta for å behalda skulen er mange.

Ingen gode grunnar

Agnieszka Wanag går av som leiar i Valestrand bygdelag, men held fram i styret.

– Skulebruksplanen som politikarane no har til behandling gir ingen gode grunnar for nedlegging av skular no. Planen svarar ikkje på at det blir betre kvalitet i læringa, den viser derimot til store utfordringar for folkehelsa for elevane ved lang skuleskyss, og den baserer seg samtidig på svært usikre og forsiktige prognosar for folketalsutvikling.

Det er heller ikkje plass til alle elevane i skulen i Førde, og kommunen har til og med bekrefta at dette heller ikkje skal gjerast noko med i år, seier avtroppande leiar, Agnieszka Wanag i ei uttale på vegner av bygdelaget.

Liv og Lyst-prosjektet

–  Me vel å tru at kommunen vil halda fram samarbeidet med oss i Valestrand om fellesprosjektet vårt, der me no har identifisert mange moglegheiter for utvikling nord i kommunen vår, seier Wanag, og viser til at det nyleg har kome eit Hordfast-vedtak, som ytterlegare styrkar den unike beliggenheten som Valestrand og Sveio har for auka tilflytting.

Kan ta initiativ

Rådmann Jostein Førre forklarar at innbyggjarar kan ta initiativ til grensejustering, men at dei kan ikkje krevja det. Prosessen følgjer av inndelingslova, og vil vera omfattande.

– Det er berre kommunestyret som kan søka om å setja i gong prosessen for å utgreie dette. Mange instansar skal høyrast, Kongen i statsråd har det avgjerande ordet, fortel Førre, som legg til at det er svært vanskeleg å finna døme på at slike justeringar er gjennomførte, om ikkje begge dei aktuelle kommunane er samde.

Om innbyggjarane nord i kommunen vil få det betre i Stord kommune vil vera ei subjektiv vurdering, seier Førre.

– Det kjem an på kva kommunale tenester innbyggjarane nyttar, og kva nivå det er på dei enkelte tenestene i den enkelte kommunen, kommenterer rådmannen.

Har fått med seg skulesaka

Vestavind har kontakta ordføraren i Stord kommune for å høyra om idéen med ei potensiell grensejustering har nådd over Bømlafjorden.

– Eg har fått med meg skulesaka i Sveio. Av erfaring veit eg at slike saker er krevjande og vekker sterke kjensler og engasjement. Stord og Sveio har eit veldig godt samarbeid, og eg ønskjer ikkje som ordførar og god nabo å meina noko om ei politisk betent sak i nabokommunen, seier Gaute Straume Epland.

Det er 553 innbyggjarar i Valestrand per 1. januar 2021, i følgje SSB.

Powered by Labrador CMS