nyhende
Vil utsetje Hordfast og andre store samferdselsprosjekt
Hordfast og andre store samferdselsprosjekt må utsetjast eller nedskalerast om det skal bli nok pengar til vegvedlikehald og rassikvring, seier leiaren i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp).
– Det er heilt uforståeleg at han går ut og sår tvil om godt forankra prosjekt som er vedtatt gjennom demokratiske prosessar. Det verkar som om regjeringa no set heile NTP (Nasjonal transportplan) i spel, seier Eskeland til Nynorsk pressekontor.
Sandes utspel er først omtalt av NRK.
– Viss vi skal frigjere heilt nødvendige midlar til vegvedlikehald og rassikring til fylkesvegar og venlege vegar, så betyr det at vi må gå gjennom dei store prosjekta våre, det vere seg dobbeltspora jernbane, firefelts motorveg og Bjørnafjord-kryssinga, og sjå om dei kan skuvast i tid, og om dei kan nedskalerast, slik at kostnadane kan flyttast over på vanlege vegar i staden for, seier han til kanalen.
– Er det nødvendig med firefelts motorveg til alle dei store byane, og kor langt vekk frå Oslo treng vi jarnbane med to spor, legg han til.
Konkret meiner Sande at følgjande prosjekt kan utsetjast eller nedskalerast:
• Ytre Intercity (jernbane med dobbeltspor Oslo, Halden, Lillehammer, Porsgrunn og Hønefoss).
• Firefelts motorveg i Gudbrandsdalen (E6)
• Firefelts motorveg i Trøndelag (E6)
• Hordfast (E39)
• Firefelts motorveg på Sørlandet (E18) (E39)
• Bru over Sognefjorden (E39)
– Skaper forvirring
Liv Kari Eskeland, som tidlegare var ordførar i Stord, er spesielt opprørt over at Hordfast blir foreslått utsett eller nedjustert, og seier ho forventar at samferdselsministeren ryddar opp.
– Det er ikkje meir enn 40 dagar sidan statsråden sto på talarstolen i Stortinget og sa at Hordfast ligg fast. No får han rydde opp i den forvirringa som er skapt. Vi må få vite om det Sande seier er regjeringas politikk eller høgttenking, seier ho til Nynorsk pressekontor.
Etterlyser innovasjon
Eskeland legg til at ho er samd med Erling Sande i at rassikringa av vegane må bli betre, men ikkje ved å ta pengar frå andre viktige samferdselsprosjekt.
– Vi må heller sjå på ny teknologi, seier ho, og viser til at ho saman med fleire andre har levert inn eit representantforslag til Stortinget der dei foreslår nettopp dette.
I forslaget ber dei mellom anna regjeringa utarbeide eit innovasjonsprogram som legg til rette for fleire alternative løysingar og nivå innan skredsikring. Dei ber også regjeringa vurdere om dagens driftskontraktar for vegvedlikehald er gode nok når det kjem til å ta i bruk innovative løysingar som del av sikringa.
(©NPK)