nyhende
Vil ut av Gullsjøhuset
Sveio kommune skal gå i dialog med dei andre eigarane av Vestlandske Grube Company AS med tanke på å overføra kommunen sine eigardelar i selskapet for ein symbolsk sum til dei.
Dette blei vedtatt med 15 mot ti røyster av kommunestyret måndag, etter forslag frå Rune Teikari (Frp). Vestlandske Grube Company AS eig og driv Gullsjøhuset i Buavåg. Kommunen har 400 aksjar i selskapet. Bua Ungdomslag og Sveio Gullforening har 100 aksjar kvar.
Før avrøystinga fekk Teikari sitt framlegg verbal støtte frå Jarle Jacobsen (KrF), medan Mikal Møller Hovda (H) og Ole Ørjan Hov (MDG) argumenterte for at kommunen framleis skal vera ein dominerande medeigar.
Eigarstrategi
Vedtaket blei gjort i samband med at kommunestyret behandla, og godkjende, eigarstrategi for Vestlandske Grube Company AS. Etter denne strategien har kommunen i dag vetorett når det gjeld økonomiske investeringar og utgifter knytte til eigedomsforvaltinga.
– Eigarane må avgjera kva som som skal skje vidare, seier Alf Edvin Hovda.
Han er styreleiar i Vestlandske Grube Company AS og representerer Sveio Gullforening. Hovda vil ikkje uttala seg om konsekvensane kommunestyret sitt vedtak kan få før dei har drøfta saka i styret.
– Det er beramma eit styremøte i løpet av veke 47, seier Hovda på telefon frå Spania, der han for tida er på ferie.
Nils Haktor Bua representerer Bua Ungdomslag i styret for Vestlandske Grube Company AS.
– Det vil vera svært leitt om kommunen trekkjer seg ut av selskapet. Kommunen sin medverknad trengst for å oppretthalda eit bygg som er viktig for heilse Sveio, seier Bua, også han på reise i utlandet då Vestavind fekk kontakt med han.