nyhende
Vil tvinge tekgigantane i kne
Han skjemst ikkje over å ha internasjonale ambisjonar eller å jobbe for å tvinge tekgigantane i kne. Det einaste målet Finn Myrstad i Forbrukarrådet beklagar, er det han ikkje vidareførte frå far sin.
– Eg kan ikkje anna enn å beklage, altså!
Fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet har sikkert fleire ting han kunne orsake seg for. At han og kollegaene rundt om i verda ikkje har greidd å stogge alle teknologigigantane frå å samle inn og vidareselje sensitive personopplysningar til store kommersielle aktørar, kan moglegvis vere ein av dei.
At Noreg enno ikkje har ei marknadsføringslov som gjer det enkelt å slå knallhardt ned på reklamar retta mot barn og unge, ein annan.
Men akkurat no, som fagdirektøren står i tunet hjå eit søskenbarn i Ørsta og det ringjer frå Nynorsk pressekontor, er det i staden si eiga skriftlege målform Finn Myrstad uoppmoda får trong til å adressere og forklare.
Det blir kanskje slik, når ein er son av ein journalist frå Selje som starta mållag med mottoet «gjer nynorsk til bynorsk». Faren Bjarne enda attpåtil karrieren som informasjonssjef i Fiskeridepartementet med å ta nynorskbruken til nye rekordhøgder.
For Myrstad junior var derimot ikkje barneåra i Florø nok til å følgje faren sitt mål:
– Me flytta til Oslo då eg var ti år, så eg vart nok litt miljøskadd. Eg skriv dessverre bokmål, konstaterer han, med tydeleg skarre-r.
Kampen mot KI
Ein kan heldigvis ha fleire mål i livet. Som direktør for digitale tenester i Forbrukarrådet er Myrstad sitt no av det store slaget. Ifølgje jobbinstruksen skal han beskytte norske forbrukarar sine rettar på nett. I praksis betyr det også at han kjempar mot nokre av verdas største tekselskap.
– Noreg har reglar som skal beskytte oss frå målretta marknadsføring og vareta personvernet, men samstundes har den teknologiske utviklinga gått så fort at korkje lovverket eller institusjonane har rekt å følgje med. No har me eit stort etterslep, og difor også mange prosessar i gang for å tøyle teknologigigantane, fortel han.
– Du veit, då sosiale media tok av rundt 2012, var oppfatninga at sosiale medium skulle gjere verda til ein betre stad og at det ikkje var behov for særleg regulering. Som samfunn var me naive – og det ser me konsekvensen av i dag. Difor må me unngå å gjere den same feilen med kunstig intelligens. Me må vera tidleg ute med å regulere.
Irsk flaskehals
For å få større gjennomslag i arbeidet sitt, koordinerer Forbrukarrådet fleire av klagene med andre organisasjonar i Noreg og systerorganisasjonar i Europa og USA. Det siste året har dei til dømes klaga inn Google til Datatilsynet to gonger. Som i alle tidlegare saker, landar klagene hjå Datatilsynet i Irland, der Google har hovudkontor.
– Det irske datatilsynet er ein flaskehals. Me sende den første klaga på Google i 2018, og har enno ikkje fått nokon avgjerd. At somme tilsynsapparat er så ineffektive, er eit problem som må løysast på EU-nivå. Men også det norske Datatilsynet må få nok ressursar til å køyre effektive tilsyn. Samstundes må norske politikarar stille tydelege krav til internasjonale selskap som til dømes leverer digitale tenester til den norske skulen, seier han.
Ei hastesak
Frå familiebesøk i Volda skal Finn Myrstad vidare til den avdøde bestefaren og stortingsmannen Knut sitt idylliske småbruk i Selje. Kalenderen er tom, bedyrar han, og den einaste planen er å «la håret gro, fiske og gå fjellturar og bade». I neste andedrag avslører han likevel kjapt at hovudet slett ikkje er så avlogga som det høver seg midt i ferien.
– Det hastar no, seier Myrstad brått.
Hastar, å få strengare reglar som gjer at dei lettare kan slå ned på reklame retta mot barn, utdjupar han. I Myrstad si idealverd bør me kunne krevje at tekplattformene sparkar ut influensarar som bryt lova og at dei gjer algoritmane sine mindre avhengigheitsskapande og sensasjonsprega. Han meiner og at influensarar i langt større grad små bli haldne ansvarlege for reklameinnhald på sosiale medium.
– Barn er ekstra sårbare. Dei er ikkje ferdig utvikla, og oppfattar ikkje risiko og fordekt reklame på same måte som vaksne, seier han, som sjølv er far til to.
Mellom mange stolar
I dag seier marknadsføringslova at ein skal beskytte forbrukarar mot reklame og ta ekstra omsyn til barn og unge under 18 år. Det er med andre ord ikkje direkte ulovleg med reklame retta mot dei yngste, sjølv om dei fleste oppfattar det slik.
– Lova er ikkje tydeleg nok og gjer det vanskeleg å gripe inn. Barneombodet anslår faktisk at me har 10–12 reglar som skal beskytte barn sin forbrukarkvardag, men som ikkje blir handheva godt nok. Årsaka er både at lovene tilsynsmessig fell mellom fleire stolar, og at verktøya me har ikkje er avskrekkande nok. Det er den triste sanninga. Reglane er jo ikkje verdt papira dei står på om me ikkje greier å handheve dei.
Sjå til EU
No seier ikkje Myrstad at løysinga er norsk medlemskap i EU. Men som tidlegare leiar i Europeisk Ungdom, tenkjer han det sikkert.
I staden påpeiker han nøkternt at EU vedtok ei lovpakke for regulering av digitale plattform-selskap alt i 2022. Den såkalla DSA-pakka inneheld mellom anna nettopp eit forbod mot målretting av reklame mot barn og unge, og eit forbod mot målretting basert på sensitive opplysningar som legning, etnisitet og religion. Ho forbyr i tillegg manipulerande design og krev at store plattformer og søkjemotorar må gjennomføre risikoanalysar for teneste sine.
– Noreg bør få implementert den nye lovpakka så snart som mogleg. Forseinkinga skuldast at pakka enno ikkje er ein del av EØS-avtalen, så det er jo eit spørsmål digitaliseringsministeren vår bør få: Når kan me eigentleg vente at beskyttelsen av ungane våre kjem på plass?
Demokratiet i fare
«Er alt dette så farleg då?», tenkjer du kanskje. Det er det, slår Myrstad kontant fast. For der somme berre refererer til målretta reklame som digital marknadsføring, meiner Myrstad at kommersiell overvaking er eit meir passande omgrep.
I tillegg til å selje oss produkt, får plattformer som Facebook oss til å bli på tenestene lengst mogleg, slik at dei kan samle inn endå meir data. Summen av informasjon selskapa sit med, er enorm.
Ikkje berre kan algoritmane målrette skadeleg reklame mot alt frå speleavhengige til eteforstyrra tenåringar. Målretta reklame kan og føre til diskriminering, ved at til dømes mørkhuda, kvinner eller muslimar ikkje får same jobb- og bustadreklame som andre.
– Selskapa si overvaking avslører alle sårbarheitene våre og brukar dei til analysere mønster og å gjere treffsikre antakingar om kva me kjem til å respondere på.
– Det kan ikkje minst få alvorlege konsekvensar på samfunnsnivå. Det er ekstremt problematisk om til dømes politiske bodskap blir retta inn mot utvalde grupper før eit val.
Siger før ferien
Om kampane kan verke endelause, finst det likevel lyspunkt. Amazon har til dømes lova å slutte å bruke eit manipulerande design som gjorde det nær uråd for europeiske brukarar å kansellere tenesta Amazon Prime. Kuvendinga kom etter at Forbrukarrådet og fleire andre organisasjonar klaga selskapet inn for Det europeiske forbrukarnettverket CPC.
I 2020 klaga dei også inn sjekkeappen Grindr for å samle og dele vidare sensitive personopplysningar om brukarane sine. Både Datatilsynet og Personvernnemnda var samde i at selskapet braut lova og ila difor Grindr eit gebyr på 65 millionar kroner. Grindr svara med å ta staten til tingretten.
Dommen fall først 1. juli i år. I den vart det ei gong for alle stadfesta at sjekkeappen braut personopplysningslova, fortel Myrstad oppglødd:
– Grindr-dommen var ein stor siger! Han slår ikkje berre fast at deling av sensitive personopplysningar med tredjepartar er ulovleg, men viser og kor viktig det er å få på plass strukturelle endringar mot bransjen.
Slette – eller ikkje?
No er neste mål sjølvaste Facebook-eigaren Meta. Myrstad og kollegaene meiner Meta slett ikkje har lov til å bruke personopplysningane og dei private bileta våre til å trene opp KI-modellar og har klaga dei inn til Datatilsynet.
At Facebook har introdusert ein modell der du tilsynelatande kan betale for betre personvern, gjer ikkje Myrstad mindre skeptisk.
– Alle har grunnleggande rett til personvern. Det er ikkje noko du skal måtte betale for. Det er innafor å la forbrukarane betale for å sleppe og sjå annonsar. Men om du ikkje betaler, kan ikkje konsekvensen vera utpressing og at dei samlar inn data om deg. Då er det ulovleg.
– Har du sjølv sletta kontoen din?
– Nei. Men eg har sletta Facebook-appen frå telefonen. Telefonappane er svært datasvoltne, og somme har over 50 ulike tilgangar der dei kan suge data. Ved berre å bruke tenestene på pc, reduserer ein dei digitale spora.
– Så – så veldig bekymra er du likevel ikkje ..?
Finn Myrstad humrar.
– Jo. Men det er Facebook som bryt lova, ikkje forbrukarane. For forbrukarane vil kortsiktige gevinstar alltid trumfe langsiktige konsekvensar. Ein kan ikkje vente at folk skal kople seg frå plattformer og tenester som er blitt ei viktig kjelde til informasjon og sosial organisering. Dette må politikarane regulere – og så skal me ta kampane på vegner av einskildforbrukarane.