nyhende
Elevtalet under grensa på to skular:
Vil truleg fremja sak i løpet av hausten
Skuleåret 2023/2024 gjekk det under 40 elevar både på Valestrand og Auklandshamn skule. Det er grensa kommunestyret vedtok i 2021 for at skulane skal bestå. Det betyr at ei sak om skulane truleg vil koma til hausten.
Striden om skulane i Auklandshamn og Valestrand enda i ei kompromissløysing. Skulane fekk fortsetta, men med ei nedre grense for mengda elevar. Viss det ser ut til å vera under 40 elevar hjå ein av skulane to år på rad, kan saka takast opp att.
– Status er at elevtalet ved begge dei to minste skulane er under 40 i skuleåret 2023/2024. Om elevtalet er under 40 i skuleåret 2024/2025 vil ein følgja opp kommunestyret sitt vedtak frå april 2021, seier rådmann i Sveio kommune, Jostein Førre.
– Fallande elevtal
Han viser til vedtaket som vart gjort av kommunestyret i juni 2021. Den nedre grensa vart sett ved 40 elevar, og rådmannen skulle konsultera kommunestyret i eiga sak før ein starta arbeidet med endring i skulestrukturen.
– Det var ingen som tok til motmæle mot dette, seier Førre.
I forkant av kommunestyret måndag 17. juni vart rådmannen nemleg spurt av representant Asle G. Halleraker frå Tverrpolitisk Fellesliste (TvF) om elevtalet hjå skulane i Sveio.
– Kvifor spurde du om dei tala?
– Fordi at når me skal ha ein statusrapport om skulane er det viktig å vita kor mange elevar det er snakk om, og korleis utviklinga går. Har ein ikkje tal så kan ein ikkje gjera noko med negativ utvikling, svarar Halleraker.
Han ba rådmannen koma attende med svar på kva tiltak dei har gjort for å snu synkande elevtal, og kva anna dei kan gjera. Skulestrukturen vart ikkje diskutert på møtet.
– Kva er din kommentar til elevtala du la fram?
– Det er synd at elevtala utviklar seg slik dei gjer på barnetrinnet på fleire av skulane i Sveio. Me er oppteken av tilflytting og befolkningsvekst i heile kommunen og ynskjer at det vert fleire born i Sveio kommune. Ei jamn positiv utvikling gjer det enklare å gje eit godt tilbod enn ved fallande elevtal, svarar rådmannen.
Tala for dei neste åra
Måten ei tel elevar på er ved å nytta offisielle tal frå grunnskulen sitt statistikksystem (GSI). Tala for inneverande år kjem frå skulane sine eigne tal, og komande år sine tal er basert på kva kommunen veit om avgang til ungdomsskulen og nye førsteklassingar i områda.
| Skuleår | Kjelde | Auklandshamn | Valestrand |
| 2019/2020 | GSI | 51 | 48 |
| 2020/2021 | GSI | 47 | 46 |
| 2021/2022 | GSI | 46 | 47 |
| 2022/2023 | GSI | 41 | 43 |
| 2023/2024 | GSI | 37 | 38 |
| 2024/2025 | Eigne tal | 36 | 35 |
| 2025/2026 | Eigne tal | 29 | 31 |
Førre er tydeleg på at det kommunestyret sitt eige vedtak som bestem kva som skal skje vidare. Det vil seia at rådmannen må spørja dei på ny om administrasjonen skal starta opp arbeid om revidering av skulestrukturen.
– Det vil vera naturleg å først fremja ei sak for å få kommunestyret sitt syn på det, seier han.
Ja eller nei, og kor lågt?
I klartekst betyr det at kommunestyrerepresentantane til hausten truleg skal røysta enten «ja» eller «nei» til å byrja arbeid med å revidera skulestrukturen. Vestavind har difor spurt alle partia i kommunestyret følgjande, og bedt om korte og tydelege svar:
1. Vil ditt parti be rådmann byrja arbeidet eller ikkje (ja eller nei)?
2. Viss ikkje arbeidet med revidering bør byrja, kva er det lågaste talet på elevar ditt parti meiner ein skule kan ha?
Tverrpolitisk Fellesliste
1. Vil ikkje svara.
2. 40, eit tal som eit felles kommunestyre vart solidarisk samd om.
Arbeidarpartiet
1. Nei.
2. Har ikkje sett nedre grense.
Senterpartiet
1. Nei.
2. Har ikkje sett nedre grense.
Kristeleg Folkeparti
1. Nei
2. Har ikkje sett nedre grense.
Framstegspartiet
1. Nei.
2. 40.
Høgre
1. Nei.
2. Har ikkje sett nedre grense.
Industri- og Næringspartiet
1. Nei.
2. Har ikkje sett nedre grense.
Sosialistisk Venstreparti
1. Nei.
2. Har ikkje sett nedre grense.
Miljøpartiet dei Grøne
1. Nei.
2. Har ikkje sett nedre grense.
MERKNAD: I den opprinnelege teksten sto det at KrF har ei nedre grense på 20. Dette er ikkje rett. Dei har ikkje sett ei nedre grense, og svaret er no retta.