nyhende
Høgre, Senterpartiet, KrF, MdG og SV sitt budsjettforslag:
Vil styrka tenester og utvikling i heile kommunen
Meir til skule og helse, ny veg til Rophus, sikra skulevegar, tomter til mikro-jordbruk, og satsing på næringsområdet på Haukås er noko av det opposisjonen vil prioritera framover.
Politikarane i Høgre, Senterpartiet, KrF, MdG og SV har gått saman om saker dei meiner bør prioriterast, til neste år og åra som kjem.
Rådmannen sitt budsjettforslag for 2022 opplever dei som nedpint og «høvla» på alle kantar.
– For å få ut gode tenester og eit godt tilbod til alle innbyggjarane i kommunen, er kommunen avhengig av inntekter, og eigedomsskatten kan vera med som ei inntektskjelde. Investeringsplanen til kommunen vil i framtida gi auka driftsutgifter, og då bør kommunen nytta dei inntektene ein kan få, seier Monica V. Valen (Sp).
I åra som kjem skal Sveio kommune gjera fleire store investeringar på same tid som eigedomsskatten skal vekk. Det skjer ikkje utan at det påverkar tilbodet til innbyggjarane.
Mest til skule
– Rådmannen gjer det eit fleirtal har bestemt, men det vil heilt klart gå utover tenestene om ein ikkje gjer noko. Spesielt innan skule og helse er det kritisk, seier Lars Einar Hollund (H).
I framlegget tar politikarane utgangspunkt i ei tilleggsløyving som er venta tilført til kommunane, som følgje av regjeringsskifte. Det er snakk om 2,9 millionar kroner for Sveio sin del, blir det opplyst.
I følgje politikarane, er utgangspunktet for at Sveio med stort sannsyn blir tilført denne pengesummen er for at små kommunar skal kunne oppretthalda små skular. Då blir det naturleg å leggja ein stor del av pengane i nettopp skulen.
– Signala frå skulane er at det er stramt. Dei som står i det kjenner på at det er mangel på midlar, derfor vil me styrka rammebetingelsane for skule, seier Ole-Ørjan Hov (MDG). Han får støtte frå Kristina V. Ballard i SV.
– Det er ungane som må ta konsekvensen om me kuttar i skulesektoren, det har me ikkje råd til, seier ho.
Området helse opplever dei som veldig nedskjært område.
– Det er signalisert flotte, gode tiltak, men dei må finansierast, seier Hollund (H).
Barnehagen i nord
Mobile salsboder for kortreist mat og produkt med hovudbase på Sveiotorget, gratis Vestavind til studentar, realisering av ny veg til Rophus, straum, sikre skulevegar og vatn og avløp til næringsområdet på Haukås er tiltak og prosjekt dei meiner bør prioriterast.
Fengsel i Sveio er framleis aktuelt. I forslaget ber dei om ei samfunnsanalyse for å synleggjera behov for fordelen med eit statleg fengsel.
I lys av ferskt vedtak om å byggja nytt bygg til Sveio barnehage, synest politikarane at det er på sin plass å gjera noko med Valestrand oppvekstsenter, det eldste bygget i kommunen når det gjeld barnehage og undervisning, og treng verkeleg å fornyast.
– Er det vits i å rehabilitera, eller er det like lurt å byggja nytt ein anna stad? Det er også eit stort ønskje å få aktivitet rundt Fartein Valen – kan det integrerast? undrar Hollund.
Ønskjer samarbeid
Dei fem gruppeleiarane som representerer like mange parti, er klare på at posisjonspartia Ap og FrP er inviterte med på å skapa eit breitt fleirtal for å gjera endringar i rådmannen sitt forslag til budsjett.
Om dei vil sluttar seg til noko frå opposisjonen sine forslag gjenstår å sjå. Kommande måndag er det budsjettmøte, og 13. desember skal det landast eit vedtak i kommunestyremøtet.