nyhende

Marco Thomar er ny leiar i Sveio Næringsforum.ARKIVFOTO: GUNHILD LØNNING
Marco Thomar er ny leiar i Sveio Næringsforum.

Vil starte teatergruppe for barn og unge

Sveio si eiga amatørteatergruppe, TeARTig, er gjennom fire års virke blitt godt etablert som vaksenteater. No vil dei lage eit eiget tilbod for barn og unge.

Publisert Sist oppdatert

20 vaksne er aktive i teatergruppa TeARTig. No vil dei ha barn og unge med på laget òg.

— No har vi halde på ganske lenge med teater for vaksne. No er vi kome så langt at vi har lyst til å lage eit tilbod også for barn og unge, fortel Marco Thomas.

Har merka interesse

Teaterinstruktøren, som er busett i Valevåg og til dagleg jobbar mellom anna som teaterinstruktør på kulturskulen i Bømlo, er også mannen som har vore sentral i oppbygging av amatørteatergruppa TeARTig. Dei har fleire vellykka oppsettingar bak seg, og var også ei viktig drivkraft bak den store kulturfestivalen på Einstadbøvoll gard i Valestrand i fjor. Og tyskaren, som er busett i Valevåg, har jobba litt saman med Haugesund barne- og ungdomsteater.

— Det er fleire foreldre som har spurt oss om vi ikkje har eit tilbod for barn òg. Det har vi desverre ikkje hatt. Sveio kulturskule har heller ikkje tilbod om teater, men nokon unge har vore med på barne- og ungdomsteateret i Haugesund. No vil vi i TeARTig teste ut om det er grunnlag for å skape eit tilbod for dei unge i Sveio, seier han.

I fjor sette teatergruppe TeArtig opp teater på Einstadbøvoll gard som ein del av Valestrand kulturfestival. Her øvar skodespelarane, frå venstre: Marianne Lund Lønning, Sara Vikse, Urd Hjelmeseter, Kristine Jirgensone, Else Berit Bøe, Gudrun Thomas, Bente Anita Johansen, Camilla Ruhs, Ruth Bergerson, Ingvild Svendsbø, Geir Olav Rød, Monica Vikse, Jonatan Furnes, Håvard Folgerø-Holm, Tanja Stepanova, Vebjørn Hjelmeseter, Rune Hjelmeseter og Therese Nes.

Thomas fortel at det ideelle vil vere å dele å ha ei barnegruppe og ei tenåringsgruppe. Det håpar dei å få til, om det er mange nok interesserte. Han seier at dei helst treng 5-6 i kvar av gruppene.

Samling neste laurdag

I første omgang vil dei invitere til ei samling i gymsalen i Førde skule laurdag 4. februar. Marco Thomas understrekar at tilbodet er meint for barn og unge i heile Sveio kommune.

— Sveio er ein langstrakt kommune, og Førde er omtrent midt på, så i første omgang tenker vi at det er greitt geografisk kompromiss å starte der. Så får vi sjå etter kvart om det kanskje er betre å flytte til eit anna lokale seinare, seier han.

Om alt går som dei håpar, med ei barnegruppe og ei gruppe for tenåringar, ser han for seg ei øving i veka for kvar, 60 minuttar for dei yngste og 90 minuttar for dei eldte.

Dei som vil prøve seg treng ikkje å ha noko teater- eller sceneerfaring frå før.

— Dette passar for alle som har lyst til å prøve noko nytt, seier han.

Han frir til alle unge, frå tredje klasse og opp til og med 18 år.

Målet, i tillegg til å møtes å ha det kjekt i lag på øvinga, er å kunne presentere eit skikkeleg teaterstykke for publikum.

— Ein årleg litt større teater-oppsetting vil vere ein naturleg del av det heile, seier han.

Powered by Labrador CMS