nyhende

Utvalsleiar i Vestland fylke:

Korkje Kystbussen eller Tide-bussane som kjører for Skyss vil bruka busshaldeplassen ved Liereid-krysset på Vihovde.
Korkje Kystbussen eller Tide-bussane som kjører for Skyss vil bruka busshaldeplassen ved Liereid-krysset på Vihovde.

Vil spørja om busstakstar

Når hovudutvalet for samferdsel og mobilitet i Vestland fylke har møte komande onsdag, vil busstakstande mellom Sveio og Haugesund truleg bli tema. Dette opplyser leiaren i hovudutvalet, Jannicke Bergesen Clarke (Ap).

Publisert Sist oppdatert

I kjølvatnet av fylkesdebatten i Sveio for kort tid sidan, har Clarke fått spørsmål frå fleire parti om noko kan gjerast slik at det blir billigare å ta buss frå Sveio til Haugesund.

Aktuelt tema

— Eg har grunn til å tru at det kjem spørsmål på møtet om dette temaet, seier Clarke.

Ho vil ikkje seia kven ho ventar spørsmål frå, men er klar over at temaet er aktuelt.

Skyss: — Må endrast politisk

Vestavind har også prøvd å få svar frå Skyss om noko kan gjerast med pris- og sonestrukturen som inneber at bussreisande frå Sveio til Haugesund må gjennom to takstsoner.

Leiinga i Skyss vil ikkje la seg intervjua på telefon, men pressekontakt Ingrid Dreyer skriv i ein epost at pris- og sonestrukturen er vedtatt politisk og derfor må endrast politisk. Ho viser derfor til den politiske leiinga i fylket.

Powered by Labrador CMS