Straumnettet har på den kaldaste dagen i året ein kapasitet på opptil 25.000 megawatt (MW). Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) foreslår at bedrifter kan kutte straumen om ein når denne grensa på kalde dagar.FOTO: NPK
Vil skru av straumen til bedrifter på kalde dagar
Olje- og energiminister Terje Aasland meiner store bedrifter kan kople ut straumen i periodar for å spare forbrukarane for dyre investeringar i straumnettet.
NPK-NTB: Tysdag leverte Strømnettutvalget utgreiinga si til olje- og energiminister Terje Aasland (Ap). I rapporten kjem utvalet med fleire tiltak for å løyse utfordringane knytt til framtidig utvikling av straumnettet.
Både Strømnettutvalget og Aasland understrekar at straumnettet må utviklast på ein mest mogleg samfunnsmessig rasjonell måte – utan unødvendige kostnader for forbrukarane eller naturen.
– Då er det viktig at vi ikkje byggjer ut meir nett enn vi må, seier Aasland til Nationen.
Straumnettet har på den kaldaste dagen i året ein kapasitet på opptil 25.000 megawatt (MW), ifølgje utvalet. Ein av konklusjonane deira er at dagens straumnett må utnyttast betre.
– Det kan vere små tidsmarginar, til dømes det eine kvarteret vi ønskjer å bruke ekstremt mykje straum i januar. Då kan det hende ei bedrift kan kople ut, så slepp vi nettutbygging, seier Aasland.