NPK: Prisane på straum, gjødsel og fleire andre innsatsfaktorar har auka kraftig for bøndene det siste halvåret. No ber Nortura omsetningsrådet ta grep slik at bøndene kan få betre betalt.
Nortura ber Omsetningsrådet endre reglane slik at bøndene kan få kompensasjon raskare gjennom auka priser i situasjonar ein har sett det siste halvåret, skriv Nationen.
– Mange bønder har blitt ramma av ekstraordinær kostnadsvekst i haust, no ser vi at dette vil halde fram også utover nyåret. Slik systemet er no, er det ikkje mogleg å justere prisane meir enn to gongar i året. Det ber vi Omsetningsrådet gjere noko med, seier Trine Hasvang Vaag, styreleiar i Nortura.
Som marknadsregulator, har Nortura ansvar for å setje prisane på ei rekkje husdyrsprodukt gjennom ein såkalla «planlagd gjennomsnittleg engrospris», PGE.
– PGE blir fastsett eit halvår om gongen, og har difor ikkje hatt moglegheit til å eksempelvis ta høgde for at kraftfôr vil auke så mykje som det kan sjå ut som det vil gjere no, seier Vaag.