nyhende
Vil setja av ein sum til neste år
I fjor fekk Sveio kommune 550 000 kroner i rammetilskot for å overta ordninga frå Husbanken. Rammetilskotet kjem frå staten til fri bruk for kommunen, og det blei ikkje sett av fleire pengar. Det var meir i potten frå fjoråret, som ein etablerarsøknad har fått innvilga i år.
Frå og med 2020 blei finansieringa av tilskot til prosjektering, etablering og tilpassing av bustad overført frå Husbanken til kommunane. Same år blei 555 000 kroner av det samla rammetilskotet frå staten kopla til desse tre tilskotsordningane, fortel rådmann Jostein Førre.
Då rammetilskotet for 2021 kom, var det ikkje spesifisert kor mykje av den samla ramma til kommunane som skulle høyra til prosjektering, etablering og tilpassing av bustad. For 2021 var det 21 liknande tilfelle som begrunnar delar av kommunen sitt rammetilskot frå staten, midlar som kommunen fritt kan prioritera til ulike føremål. Nokre av føringane er underfinansiert, nokre er overfinansiert.
Dei siste fire åra
– Endringane er både underfinansiert og overfinansiert i forhold til dei ulike føringane frå staten. Til dømes veit me at den nye barnevernsreforma frå 2022, vil verta betydeleg underfinansiert for Sveio kommune sin del. Det er ikkje automatikk i at kommunen vidarefører slike overordna endringar til lokale endringar i rammer eller løyvingar, seier Førre.
Vidare kan han opplysa at Sveio kommune i snitt har innvilga tilskot til tilpassing av bustad på om lag 95 000 kroner dei siste fire åra, der det største tilskotet var på 242 000 kroner.
– I samarbeid med søkjar kan deler av søknadssummen bli innvilga, dersom behovet i stor grad kan bli løyst med innvilga sum, seier Førre.
Budsjettet for dette året vart vedteke av kommunestyret etter innstilling frå rådmannen, utan nye midlar i tilskotspotten for dei tre tilskotsordningane.
– Ved inngangen til 2021 var potten for tilskotsordningane på om lag 220 000 kroner, midlane blei tidleg innvilga til ein søknad om tilskot til etablering.
Med i neste års budsjett
Budsjett for 2022 er under utarbeiding, her har rådmannen innstilt å setja av 200 000 kroner til tilskot til prosjektering, etablering og tilpassing av bustad.
– Søkjarar som får avslag eller ikkje får behandla søknadane sine grunna manglande midlar blir i vedtaksbrevet oppmoda om å søkja på nytt neste kalenderår.
Rådmannen opplyser også at ein i Sveio kommune gjer ei økonomisk behovsprøving ved handsaming av søknadar om tilskot, for å sikra likebehandling.
– Ved behandling av søknadar om tilskot vil kommunen derfor foreta ei vurdering av søkjar sin økonomiske situasjon, for å kartlegga om det er mogleg å gi ein kombinasjon av lån, til dømes startlån (kommunen) eller lån til oppgradering (Husbanken), og tilskot for å løyse søkjar sine utfordringar.
Tal søknadar om tilskot til tilpasning har dei siste åra vore 2021 (3), 2020 (0), 2019 (1), 2018 (1) og 2017 (1).
Når det gjeld tilskot til etablering, er det i snitt innvilga 50 000 kroner årleg dei siste fire åra.