nyhende
– Vil sakna busstillbodet når me flyttar
– Eg minnast barndommens somrar på Tittelsnes, seier vekas «Hei, sveibu».
– Eg er utdanna sjukepleiar, men netto no arbeidar eg som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet si avdeling på Stord og er med på eit forskingsprosjekt om pårørande til personar med demens. Elles er eg styreleiar i Valestrand bygdelag og er aktiv i korps. Og så blei eg jo innvald i kommunestyret sist haust.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Naturen og dei gode relasjonane, vil eg seia. Godt samhald i bygdene, noko som kom tydeleg fram under den store skuledebatten for nokre år sidan. Og ikkje minst her på Valestrand har me ein flott natur frå fjord til fjell.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Ikkje mykje. Men når me flyttar til Tittelsnes, der me har kjøpt eit småbruk, veit eg at me kjem til å sakna eit betre busstilbod.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Somrane på Tittelsnes, der eg vaks opp. Der me tredde markjordbær på strå og låg i graset og leita etter smådyr. Utforskinga av naturen. Det er dette eg vil at borna mine skal få oppleva også.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Alle som driv med frivillig arbeid i den flotte kommunen vår. Og alle sjukepleiarane som gjer ein flott jobb med å ta vare på sjuke og eldre.