nyhende
Vil lage plass til fleire verksemder på Ekrene
Birkeland AS vil både ta ut stein og klargjere tomter for meir næring på Ekrene. Men rådmannen ville helst hatt betre betalt for det store arealet som eit knapt fleirtal i kommunestyret har vedtatt å selje for 11 millionar.
Torsdag skreiv Vestavind at eit knappast mogeleg fleirtal i kommunestyret gjekk inn for å selje ei 103 mål stor næringstomt på Ekrene for 11 millionar kroner til entreprenøren Birkeland AS. Litt over fire millionar kronar lågare enn det 12 av dei 25 representantane ville selje for, nemleg 150 kroner kvadratmeteren.
Det var Svein Mathias Lie (Frp) som sikra fleirtal for bodet på 11 millionar, då han røysta mot sine partikollegaer i kommunestyret. Dei andre Frp-representantane stilte seg saman med dei fire uavhengige representantane seg bak eit forslag frå Ap om å selje for 150 kroner kvadratmeteren.
Lie sa til Vestavind torsdag at årsaka til at han røysta som han gjorde, var at han var oppriktig redd for at salet skulle gå i vasken, og viste til at det har vist seg vanskeleg å selje fleire tomter på Ekrene dei siste åra.
Birkeland vil klargjere tomter
Saka vart handsama bak lukka dører i både formannskap og kommunestyret, av omsyn til kommunen sin forhandlingsposisjon. Og først fredag fekk Vestavind innsyn i heile saka, inkludert rådmannen sitt framlegg i saka.
Vestavind har ikkje lykkast med å få entreprenøren i tale, men i saksframlegget går det fram at Birkeland AS si hensikt med kjøpet er å ta ut stein dei kan nytta i deira drift, samstundes som dei får klargjort næringsareal som kan seljast til verksemder for etablering.
I framlegget, som altså no er gjort offentleg, skriv sakshandsamar, kommunalsjef Kenneth Tollefsen, at det er positivt om denne delen av næringsområdet kan bli klargjort for sal til verksemder.
— Området er krevjande å klargjere for sal av tomter. Opparbeiding og planering er ikkje nødvendigvis ei kjerneoppgåve for kommunen og vil vere krevjande både i høve til kostnad og ressurser til oppfølging. At ein privat aktør ønskjer å klargjere arealet er såleis vurdert å vere positivt om dette blir gjennomført utan eit altfor langt opphald, heiter det i framlegget.
Men rådmannen skriv også at det har vore krevjande å finne rett pris.
Har brukt pengar på planlegging
Det går elles fram at det aktuelle området på 103 mål er ein del av eit området på rundt 157 mål som i 2011 blei kjøpt for rundt 110 kroner kvadratmeteren. Prisjustert for konsumprisindeks blir dette i dag rundt 150 kroner. Det blir vidare poengtert at kommunen har brukt pengar på planlegging, prosjektering, og oppgradering av infrastruktur på næringsfeltet.
— Delar av denne kostnaden her kan knytast mot det aktuelle området, heiter det i framlegget.
Rådmannen si anbefaling vart difor å selje for 150 kroner kvadratmeteren, men ei nedbetalingstid over 10 år, og med årleg indeksregulering av kvadratmeterprisen.
Birkeland AS hadde i utgangspunktet stilt seg positiv til ein 10 år lang nedbetalingsplan, men då utan indeksregulering. Men utan ei slik indeksregulering ville kjøpar spare 7,2 millionar kroner over perioden, målt i endring av kroneverdi i nedbetalingsperioden.
Åtvara mot eiga anbefaling
Samstundes fann rådmannen det rett å minne om at eit sal kunne gå i vasken, om politikarane følgde hans råd.
— Eit vedtak som rådmannen fremjar kan såleis medføre at det ikkje blir eit sal, heiter det i framlegget.
Saka vart først gong handsama politisk i formannskapet. Der gjekk politikarane samrøysta inn for å selje til prisen Birkeland hadde tilbydd, etter forslag frå Jarle Jacobsen (KrF). Men då saka kom til kommunestyre var det fleire som tok til orde for at rådmannen hadde gode poeng.
Håkon Skimmeland (Ap) la fram forslag om å selje for 150 kroner kvadratmeteren, utbetalt som ein eingongssum. Det var dette som ble heldt opp mot formannskapet si tilråding.
Sistnemnde vart altså vedtatt med 13 mot 12 røyser, og Birkeland får tomta for 11 millionar kroner.