nyhende
Vil klargjere næringstomt
Karmøy-verksemda Løften Maskin AS har sendt nabovarsel til Sveio kommune i samband med at dei vil gå i gang med å utvikle ei næringstomt dei eig i Ekrene næringspark.
Tar ut stein
Dagleg leiar i entreprenørverksemda, Knut Steinar Løften, seier til Vestavind at dei i første omgang berre har planar om å ta ut stein og byggemodne tomta, og at selskapet per no ikkje har planar om å flytte verksemda frå Avaldsnes, der dei held til i dag.
Vidaresal?
Annonse
Han utelet ikkje at det kan kome på tale å selje tomta, med håp om forteneste på eit slikt vidaresal. Tomta er på 7,3 mål og består i dag av ein god stein som etter planen skal sprengjast vekk for å gjere den byggeklar.