nyhende

Nils Haktor Bua er kontaktperson for gruppa som arbeidar for å sikra framleis barnehagedrift.
Nils Haktor Bua er kontaktperson for gruppa som arbeidar for å sikra framleis barnehagedrift.

Vil ikkje gi slepp på barnehagen

Ungdomlaget, bygdalaget og Liv & Lyst-prosjektet vil saman arbeida for framleis barnehagedrift på Bua. – Målet er å ha ei avklaring innan søknadsfristen for opptak går ut 15. februar, seier Nils Haktor Bua.

Publisert Sist oppdatert

Han er styreleiar i Bua ungdomslag og dermed sentral i arbeidet som no pågår for å berga barnehagetilbodet i krinsen.

– Me ser på tal og arbeidar med spørsmålet om driftsform. Det er også avgjerande å finna ein aktuell leiar og få med dei tilsette, seier Bua vidare.

Dei vil også gå aktivt ut overfor foreldre for å så mange som mogleg til å bruka barnehagen.

Måndag kveld blei formannskapet formelt bli gjort kjende med at Silje Huse har bestemt seg for å leggja ned Bua kultur- og friluftsbarnehage til sommaren. Men dei folkevalde fekk også vita om arbeidet som pågår i krinsen for å berga barnehagetilbodet.

Bua seier han er glad for at ordførar André Mundal Haukås (H) har uttalt seg positivt til initiativet deira i eit større intervju med Vestavind.

Powered by Labrador CMS