nyhende

ODirektoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vil ikkje fjerne kravet om å ha skorstein i nye hus. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
ODirektoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vil ikkje fjerne kravet om å ha skorstein i nye hus.

Vil ikkje fjerne skorsteinskrav på nye hus

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: Direktoratet for byggkvalitet foreslår å fjerne kravet om skorstein i nye hus. Det vil ikkje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

– Vi er i Noreg. Det er kaldt. Dersom straumen skulle bli borte i lang tid og ein ikkje har ei alternativ varmekjelde, er vi redde for at vi vil setje eigenberedskapsnivået tilbake, seier DSB-direktør Elisabeth Aarsæther til NRK.

DSB meiner òg det er veldig viktig at folk skal kunne halde varmen om det skjer ei naturhending eller anna stor hending.

Avdelingsdirektør Christine Molland Karlsen i Direktoratet for byggkvalitet forklarer at noko bakgrunnen for forslaget er forenkling av byggjereglane, og at ikkje byggjekostnadene skal auke.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS