NPK-NTB: Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) avviser krava frå restaurantbransjen om å oppheve skjenkjeforbodet. Ho vil heller ikkje lette på andre påbod.
– Vi kjem ikkje til å fjerne nokon av tiltaka før 14. januar, seier Kjerkol på spørsmål frå TV 2 om kravet frå ulike fagforeiningar om å oppheve skjenkjeforbodet i restaurantane.
Det står ho fast på, sjølv om helseministeren under pressekonferansen tysdag understreka at smittetala har stabilisert seg og ikkje ser ut til å auke.
På spørsmål frå NTB svarer helseministeren at formålet med dette ikkje var å underdrive alvoret i den situasjonen vi står i.
– Vi les smittetala kvar dag, både FHI, Helsedirektoratet og regjeringa, og det vi ser, er jo at dei ikkje har auka, noko som er positivt. Men det er for tidleg å konkludere, der har fagstyresmaktene våre heilt rett, seier Kjerkol.
Ho seier også at regjeringa står fast på at dei ikkje vil bruke tvang eller sterkare lut mot helsepersonell som enno ikkje er vaksinerte.
– Vi meiner vaksinar skal vere frivillige, og det meiner også WHO og FN. Det skal vere frivillig og basert på tillit, det er betre enn tvang og mistillit, seier Kjerkol.
(©NPK)