nyhende

Vil ha treningsrom på Bua skulehus

Bua er ei av fem bygder som har søkt pengar til nærmiljø og sosiale møteplassar. Vert rådmannen sin innstilling røysta gjennom får bygda nesten 143.000 kroner til treningsapparat.

Publisert Sist oppdatert

Dei andre søknadane rådmannen har innstilt er:

FAU ved Sveio skule – kr 142 800
Vandaskog bede- og forsamlingshus – kr 142 800
Valestrand Idrettslag – kr 94 800
Ørevik grendahus – kr 48 000
Auklandshamn idrettslag – kr 142 800
Oa ungdomslag med Oa turlag og Fellesområdet på Oavika – kr 142 800

Sveio kommune har eit tilskotsprogram med namn «Nærmiljø og sosiale møteplassar» kor organisasjonar kan søkja om pengar til tiltak som skapar sosiale møteplassar for sambygdingar. Frå 2024 til 2027 er det sett av ein million kroner kvart år.

Det betyr at dei sju bygdene Auklandshamn, Bua, Lid, Førde, Sveio, Valestrand og Vikse kan kvar få tildelt maks 142.800 kroner i kvar søkjerunde. Totalt har det kome søknadar frå seks av bygdene, og frå Lid har det ikkje kome noko. Noko utanom det vanlege var Bua sin søknad.

Treningsrom for alle aldrar

– Den møteplassen bygda ynskjer og treng er eit treningsrom tilpassa ulike aldrar i Skulehuset på Bua, heiter det i søknaden til Bua bygdalag.

Dei viser til kor viktig Skulehuset på Bua bruka å vera, og at i tider kor den lokale barnehagen vert lagt ned, er det mogelegvis ekstra viktig med noko nytt og samlande.

– Ein ser for seg at eit innreia treningsrom vil gjeve ein auka bruk av bygget samstundes som det kan bidraga til at fleire grupper av innbyggarane møtast på ein uformell møteplass, skriv dei vidare.

Planlagt i barnehagen

Treningsrommet skal koma i bygget kor barnehagen var. Bygdalaget meiner det vil gjera Bua meir attraktiv for bebuarar og tilflyttarar. Tilskotet på 142.800 kroner vil ikkje dekka alt, og dei reknar med å bruka i overkant av 35.000 kroner sjølv.

Her er noko av utstyret dei ynskjer:

  • Manualer
  • Benk til styrketrening
  • Romaskin
  • Treningssykkel
  • To tredemøller
  • Treningsmatter

Om Bua bygdalag og dei andre bygdene får midla dei har søka på, står att å sjå til siste kommunestyremøtet før sommaren, måndag 17. juni.

Powered by Labrador CMS